Bajan er ein type trekkspel frå Russland. Det er eit kromatisk knappetrekkspel som blei utvikla tidleg på 1900-talet, og er kalla opp etter den legendariske skalden Bojan.

Historia Trekkspelet kom til Russland på 1850-talet. Instrumentet blei laga i fleire ulike typar, og blei raskt så populære at dei fortrengde andre folkemusikkinstrument. På slutten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet kom det russiske trekkspelet, bajan, med omvend knappestilling. Det er ofte eit trerada trekkspel, og har annleis lyd frå vestlege trekkspel både i diskant og bass.

Sjå òg Balalaika Bandoneon Domra Gusli Zjalejka

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bajan» frå , den 21. august 2020.

Kategori:Trekkspel Kategori:Folkemusikkinstrument Kategori:Russisk folkemusikk Kategori:Russiske musikkinstrument