Hyæna er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1984. Opningssporet, «Dazzle», vart framført med strykarar frå London Symphonic Orchestra, eit 27 mann stort orkester kalla «Chandos Players»;Billy Chainsaw. «Phase Three Issues Three & Four». The Siouxsie and the Banshees File [Official magazine]. 1984. og var basert på ein melodi som Siouxsie Sioux hadde komponert på piano.Billy Chainsaw. «Phase Three Issue Two». The Siouxsie and the Banshees File [Official magazine]. 1984. Hyæna er det einaste studioalbumet der gitaristen Robert Smith frå The Cure komponerte og spelte inn musikk med Siouxsie and the Banshees.
I USA var Hyæna det første Banshees-albumet som kom ut på Geffen Records, samstundes som dei gav ut resten av katalogen til bandet på ny. Før dette vart «Dear Prudence» den største hitten deira i Storbritannia med ein tredjeplass i september 1983.Brian Johns (1989). Entranced: the Siouxsie and the Banshees story. Omnibus Press. . Songen var meint å vere berre ein singel i Europa, men då han vart gjeven ut i Nord-Amerika i mai 1984, vart han til slutt gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet. Hyæna var det første Siouxsie and the Banshees-albumet som gjekk inn på Billboard 200 i USA.
Hyæna kom ut på CD i ei ommastra og utvida utgåve i 2009. Ei 180-grams vinylutgåve kom ut i desember 2018.
Mottaking
Albumet fekk stort sett god kritikk då det kom ut. Melody Maker skreiv: «Delar av det er så forvirrande sytelaust at det ikkje er mogeleg å ikkje gje Robert Smith æra som talismanen - mangelen hans på respekt ser ut til å gjennomsyre alt her. 'Take Me Back' er The Banshees som morar seg som ein primitiv jazzcombo full på Vår Herres vin. På 'Belladonna' gjer den flytande gitaren til Smith Sioux avslappa nok til at ho droppar eit par masker og avslører sårbarheita si. Når sirena syng 'daylight devours your unguarded hours', fokuserer ho så intenst på sin eigen situasjon at det ikkje kan vere tilfeldig. 'Dazzle' er òg naivt vågal: Røysta til Siouxsie, innrama aleine mot strykarane. Det kunne våre Cats av Lloyd Webber eller noko av Vaughn Williams. Du kan bli imponert, avvikla og fortapt i dette'».
I ei seinare melding for AllMusic gav Stephen Cook Hyæna 4,5 av fem stjerner og skreiv: «Hovudvekta her er på lagdelte arrangement og popmelodiar forkledd som kunstproduksjonar ('Dazzle'); smakfulle blåsarar og klaverparti som utvidar den gitardominerte stilen deira og gjev Siouxsie eit luftig og draumande bakteppe, der ho kan syne songtalenet sitt». Då albumet kom ut på ny skreiv The Quietus: «Det var det mest eksperimentelle albumet deira. Ein kan sterkt merke Smith på den disiplinerte utføringa av den storslåtte 'Dazzle' eller den sterkt forførande 'Swimming Horses'. Men dei verkelege skattane er grave djupt ned på albumet. Den lyserigske Spaghetti Western-stilen på 'Bring Me The Head of the Preacher Man' er stemningsskapande i utføringa, medan den tette, episke 'Blow the House Down' syner Smith som på uutsletteleg vis markerer seg på sporet med noko av den beste gitarspelinga si».
James Dean Bradfield i Manic Street Preachers hyra produsenten Hedges fordi han likte så godt lyden på den første singelen «Swimming Horses». Bradfield sa: «Swimming Horses' av The Banshees – for ei fantastisk plate det er! [...] Eg hugsar eg tenkte 'Du bryr deg verkeleg om den plata. Eg skal jakte på den plata.»
Innhald
Dei to instrumentalspora «Baby Piano» er høvesvis ein kort pianodemo av «Dazzle» og strykarane som akkompagnerer albumversjonen av songen.
Medverkande Siouxsie Sioux – vokal Steven Severin – elektrisk bass og klaverinstrument Budgie – trommer, perkusjon og marimba Robert Smith – gitar og klaverinstrument
Andre medverkande Robin Canter – blåseinstrument The Chandos Players – strykarar
Teknisk Mike Hedges – produsent og lydteknikar David Kemp – assisterande lydteknikar Frank Barretta – assisterande lydteknikar Siouxsie and the Banshees – produsentar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hyæna» frå , den 25. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Siouxsie and the Banshees-album Kategori:Album produserte av Mike Hedges Kategori:Polydor Records-album Kategori:Geffen Records-album