Lars Patrik Bodén () er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Torsby kommun, kortvarig verdsrekordhaldar i spjutkast og bronsemedaljør i øvinga ved Friidretts-EM 1990.
Aktiv Bodén sette verdsrekord med 89,10 meter ved eit stemne i Austin i delstaten Texas i USA den 24. mars 1990, ein rekord som også vart verande hans personbeste. Under europameisterskapen 1990 i Split i dåverande Jugoslavia eit lite halvår seinare kasta han som best 82,66 m, nok til å sikre seg bronsemedaljen i øvinga. I den neste europameisterskapen, i Helsinki i 1994, kom han fjerdeplass.
Bodén var svensk meister i spjutkasting frå 1992 til -95 og 1997-99.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Bronsemedalje – 82,66 m VM 1991 i Tokyo: Nr 8 – 78,58 m OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (77,70 m=nr 16) VM 1993 i Stuttgart: Nr 8 – 78,00 m EM 1994 i Helsinki: Nr 4 – 81,34 m VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (77,62 m=nr 15) VM 1997 i Aten: Nr 12 – 80,66 m EM 1998 i Budapest: Nr 12 – 79,73 m VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (75,66 m=nr 24) OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (78,06 m=nr 23)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Patrik Bodén» frå , den 26. august 2020.
Bakgrunnsstoff World Atheltics
Kategori:Svenske spydkastarar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000