«The Last Beat of My Heart» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut seint i 1988 som den tredje og siste singelen frå det niande studioalbumet deira, Peepshow.
Musikk og mottaking Songen er ein ballade med strykarar og trekkspel. Sioux syng om ein kjæraste som forlet eit forhold, medan ho ber han kome attende.
Fleire musikarar hylla seinare songen. The Decemberists meinte songen var ein av dei beste Siouxsie and the Banshees-songane.Meloy, Colin. Decemberists interview.Pitchfork.com. 15. september 2006. «The Last Beat of My Heart» : «It's one of my favorite Siouxsie and the Banshees songs». Arcade Fire-songaren Win Butler føreslo at bandet DeVotchKa skulle spele inn songen, noko dei gjorde i 2006 på EP-enCurse Your Little Heart.Frenette, Brad. . Nationalpost.com. 7. mars 2011. Henta 20. januar 2014. The Flowers of Hell gav ut ein versjon i 2012 på albumet deira Odes.Adams, Gregory. Flowers of Hell Reveal 'Odes' Details, Share Joy Division Cover Exclaim.ca. 7. september 2012.
«The Last Beat of My Heart» nådde 44. plassen på UK Singles Chart i desember 1988. Songen kom med på samlealbumet Twice Upon a Time: The Singles, der eit konsertopptak av songen frå 1991 erstatta singelversjonen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Last Beat of My Heart» frå , den 27. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Steven Severin