Det russiske Sametinget eller Sametinget på Kolahalvøya er ei representativ forsamling for samar i Russland. Forsamlinga blei etablert i Murmansk den 12. desember 2010. Ho består av 9 representantar, som blir valde av 73 delegatar for dei ulike samiske gruppene. Den første leiaren for sametinget var Valentina Sovkina frå Lovozero.
Sametinget er skipa som eit direktevald organ etter mønster av sametinga i Noreg, Sverige og Finland. Sametinget på Kolahalvøya arbeider for å betra den sosiale og økonomiske situasjonen for samane i Russland. På sikt håpar forsamlinga å kunna pressa Russland til å ratifisera ILO-konvensjonen om rettane til urfolk og SN sin deklarasjon for rettane til urfolk.
Ifølgje folketeljinga i 2002 budde fleirtalet av dei omtrent 2 000 russiske samane i Murmansk, Lovozero, Revda, Montsjegorsk, Apatity og Olenegorsk. Ein del bur òg på småstadane Murmashii, Shongui, Verkhnetulomsk og Loparskaja mellom Murmansk og Lovozero og i byar på tundraen som Krasnoschelle, Sosnovka og Kanevka.
Det har vore snakka fire samiske språk i Russland. I dag reknar ein med at kildinsamisk blir tala av 300–700 personar, skolte- og tersamisk av færre enn 20 personar, medan akkalasamisk blir rekna som utdøydd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sametinget (Russland)» frå , den 28. august 2020.
Bakgrunnsstoff
Sametinget Sametinget Russisk