The Rapture er det 11. og siste studioalbumet til det engelske alternativ rock-bandet Siouxsie and the Banshees. Songane med celloarrangement, inkludert tittelsporet, i tillegg til «Fall from Grace» og «Not Forgotten», vart produserte av bandet på eiga hand i 1993. John Cale produserte sidan resten av songane i midten av 1994.
Innspeling og utgjeving Etter å ha komponert songar i heimen til Siouxsie og Budgie nær Toulouse i Frankrike i mars og april 1993, drog bandet til Léon nær Biarritz. Dei produserte den første delen av albumet i Studio du Manoir i mai. I byrjinga av 1994 spelte dei inn resten av songane i London, denne gongen med produsenten og det tidlegare Velvet Underground-medlemmar John Cale, som tidlegare hadde produsert album bandet likte godt, som Patti Smith sitt Horses og det første Modern Lovers-albumet. Cale miksa òg eit spor, «Fall from Grace», frå den første innspelinga.
I Storbritannia gav Polydor berre ut albumet på CD og kassett, medan Geffen i USA òg gav albumet ut på vinyl.
Albumet vart ommastra i 2014 med tre bonusspor, mellom anna ein song som ikkje var gjeven ut før kalla «FGM», og «New Skin», ein song spelt inn for filmmusikken til Showgirls av Paul Verhoeven. «New Skin» har ein annan miks og er lengre enn originalen på Showgirls. Frå 2014 og på seinare nyutgjevingar har «Stargazer» fått ein annan miks av Mark Saunders i staden for den originale miksen som bandet laga.
Ei dobbel vinylutgåve av albumet, med ommastra lyd, kom ut i desember 2018.
Mottaking
The Rapture fekk god kritikk. Melody Maker skreiv: «The Rapture er ei fascinerande og transkontinental reise gjennom farar og exotica». Arrangenmtet vart skildra som «eit levande overflodshorn med rik instrumentering, mandolinar som kjemper med celloar og bjøller, sveipande strykarar som skildrar stjernelyse hav og sirener som kallar frå kvasse klipper, og loft som gøymer løynde verder».Unsworth, Cathi. «Baby, Come back». Melody Maker. 14. januar 1995. Steve Malins i Vox likte òg albumet. Han sa «Tittelsporet er eit strålande melodrama som minner om eksperimenteringa på Peepshow og Kiss in the Dreamhouse frå 1982», og konkluderte med «The Rapture representerer ein intelligent vri på kjende Banshees lidenskapar».Malins, Steve. The Rapture review. Vox. Februar 1995 Liz Buckley i Sun Zoom Spark skreiv «Korleis kan eit band som vart skipa nesten to tiår sidan klare å halde seg så vitalt og så sett pris på? Svaret: Metamorfose». Buckley skreiv òg at «albumet klarar å få håra på nakken til å reise seg».Buckley, Liz. «Siouxsie and the banshees». Sun Zoom Spark. January 1995 Select gav albumet fire av fem stjerner og skreiv at bandet var «leverer skummel pop betre enn dei fleste». Matt Hall skreiv at gruppa «travar fram med muntre melodiar om mentale samanbrot, kjærleik på grensa til mani og alvorleg forvridde forhold. The Rapture er ei fin lita russisk dukke på plate. Under klaverlinjene, dei frodige strykarane og OTT-perkusjon, finn ein i sentrum av kvar song ein flik av uro som gjer at du lyttar om att og om att».Hall, Matt. «Siouxsie and the Banshees The Rapture - review». Select. February 1995.
Innhald Alle spora produserte av Siouxsie and the Banshees utanom spor 1-2 og 7-8-9 av John Cale. Spor 4 produsert av Siouxsie and the Banshees og miksa av John Cale.
All musikk komponert av Siouxsie and the Banshees, utanom bonusspora «FGM» av Siouxsie/Jon Klein og «New Skin» av Siouxsie.
Medverkande Siouxsie Sioux - vokal Steven Severin - elektrisk bass Budgie - trommer og perkusjon Martin McCarrick - cello, klaverinstrument og trekkspel Jon Klein – gitar
Andre medverkande Renaud Pion - blåseinstrument Knox Chandler - gitar på «New Skin» Gary Barnacle, Peter Thoms, Luke Tunney og John Thirkell [ikkje oppført] - blåsarar på «New Skin»
Teknisk John Cale - produsent og miks Martin Brass - lydteknikar Charlie Gray - lydteknikar
Salslister Album ÅrListePlassering1995UK Albums Chart331995 US Billboard 200127
Singlar ÅrSingelListePlassering1995«O Baby»UK Singles Chart341995«O Baby»U.S. Modern Rock Tracks211995«Stargazer»UK Singles Chart64
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Rapture (album)» frå , den 29. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Siouxsie and the Banshees-album Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:Album produserte av John Cale Kategori:Polydor Records-album Kategori:Geffen Records-album