Odden stavkyrkje var ei stavkyrkje i Smøla kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja stod på Odden (gnr. 38) på øya Odden, litt vest for Fastsmøla.

«Odden [kircke]» er omtala i Reformatsen i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala som ei stavkyrkje utan tårn eller spir, med utvendig bordkledning og med eit lite våpenhus i vest. Det vart sagd at ho var høvelig godt halden ved like.

Det var gravplass for Odden og Veien ved Brattvær kyrkje, men eldre menneske skal ha hevda at Korsholmen ein periode vart brukt som gravplass.

Kyrkja bles ned tidleg på 1700-talet og vart ikkje ført opp att. Kyrkjelyden vart slegen saman med Brattvær, og kyrkjestaden der vart flytta til Fastsmøla i 1883.

Fotnotar Trondhjems reformats 1589. Oslo domkapittels jordebok 1595 (Norsk historisk kjeldeskrift-institutt, 1983), s. 70. Brendalsmo, s. 151.

Kjelder Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal (Riksantikvaren, 2016), s. 151

Denne artikkelen bygger på «Odden stavkirke» frå , den 1. september 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kulturminne i Smøla Kategori:Kyrkjer i Smøla