mini|Samanleggbar pennekniv. mini|Lommekniv. Sveitsisk Victorinox med 4 blad, eit av dei ein pennekniv. Pennekniv er eit knivverktøy som kan brukast til å snitta fjørpennar og å kvessa blyantar med, og i tillegg til å skjera sigarar. Ofte er han i form av ein liten lommekniv, ikkje sjeldan med eit par ytterlegare verktøy, til dømes korketrekkar og neglefil, men lommeknivar med fast blad og futteral finst òg. Lommekniven var, i tillegg til ein bruksgjenstand, òg eit statussymbol. Ikkje sjeldan var skaftet laga av eksklusivt materiale som perlemor eller elfenbein.
Pennekniven var på første halvdelen av 1900-talet ein av dei vanlegaste reklamegåvene. Det blei laga talrike penneknivar med namn og logo til selskap som delte dei ut.
Sjå òg Blyantkvessar Papirkniv
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pennkniv» frå , den 3. september 2020.
Kategori:Skrivereiskapar Kategori:Knivar Kategori:Kontorrekvisita