Rage in Eden er det femte studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox. Det kom ut i 1981 på Chrysalis. Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og selde til gullplate i Storbritannia for meir enn hundre tusen selde eksemplar.

Innhald Musikkstilen på albumet er den same elektroniske new wave-stilen som bandet utvikla på dei to førre albuma, Systems of Romance og Vienna, men har ein meir kompleks og introspektiv stil. Albumet inneheld fleire lengre spor og dei siste tre spora heng saman i ein einaste lang sekvens. Tekstane består av mange obskure og surrealistiske bilete. Refrenget på tittelsporet «Rage in Eden» er refrenget på «I Remember (Death in the Afternoon)» spelt baklengs.Ultravox Rage in Eden Diffuser.fmRage in Eden TV Tropes

Bakgrunn Som på dei to førre albuma deira, vart Rage in Eden samprodusert av Conny Plank. Det vart spelt inn i studioet hans i Köln i Vest-Tyskland. Det abstrakte plateomslaget vart designa av Peter Saville, som var kjend for samarbeidet sitt med New Order. Alle nyutgjevingane av albumet sidan 1981 har eit anna plateomslaget, på grunn av lisensproblem med det originale omslaget.

Ei ommastra utgåve kom ut 22. september 2008, med ei ekstra plate med sjeldne og tidlegare ikkje-utgjevne materiale. I tillegg til dette er det originale omslaget nytta.

«The Thin Wall» og «The Voice» vart gjevne ut på singlar frå albumet.

Innhald

Salslister Album ListePlasseringUK4Australia20Sverige5Noreg20Tyskland48USA144 Singlar ÅrSingelListePlassering1981«The Thin Wall»UK Singles Chart14«The Voice»UK Singles Chart16

Salstrofé

Medverkande Ultravox Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, vokal, (solovokal på «Paths and Angles») Chris Cross – bass, synthesizer, vokal, (gitar på «Paths and Angles») Billy Currie – synthesizer, piano, fiolin, bratsj Midge Ure – solovokal, gitar, synthesizer (utanom «Paths and Angles») Andre medverkande Conny Plank – produsent, lydteknikar Peter Saville Associates – originalt plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rage in Eden» frå , den 5. september 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Ultravox-album Kategori:Album produserte av Conny Plank Kategori:Chrysalis Records-album