Lament er det sjuande studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, gjeve ut 6. april 1984 på Chrysalis Records. Det var det siste albumet deira med den originale trommeslagaren Warren Cann før bandet kom saman att for albumet Brilliant i 2012. Albumet nådde niandeplassen på UK Albums Chart og selt til gullplate i Storbritannia den 8. juni 1984 for 100 000 eksemplar. Det nådde òg 25. plassen i Tyskland og 115. plassen i USA.
Skildring Stilmessig gjekk bandet bort frå synthpop-stilen frå dei førre albuma, og gjekk meir mot streit poprock, ikkje ulikt samtidige artistar som Simple Minds og U2 med større vekt på gitar og «stadion»-klang.
Den første utgåva på CD hadde ei anna sporliste enn den første LP-utgåva, der remiksar vart sett inn mellom songane. Då albumet kom ut på ny på CD i 1999 kom det med den originale sporlista og sju bonusspor og remiksar frå Lament-tida på slutten av albumet.
Albumet vart gjeve ut på ny i 2009 som ei dobbelplate. Den første plata inneheldt den originale plata med ommastra lyd. Den andre plata inneheld remiksar, B-sider og tidlege utgåver som ikkje var gjevne ut før.
På innsida av LP-plata er det eit bilete av Callanish Stones, ein steinformasjon frå steinalderen på Lewis i Skottland. På seinare albumet var dette albumet på framsida av albumet i staden for den originale sporlista, som er plassert på baksida.
Innhald
Alle songane er skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure. LP-utgåva
CD-utgåver
Medverkande Ultravox Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, korvokal Chris Cross – bass, synthesizer, korvokal Billy Currie – klaverinstrument, fiolin Midge Ure – gitar, solovokal
Salslister Liste (1984) Plassering Australske album (Kent Music Report) 41 Europeiske album (Music & Media) 16
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lament (Ultravox album)» frå , den 5. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Ultravox-album