New Gold Dream (81–82–83–84) er det femte studioalbumet til det skotske bandet Simple Minds. Albumet kom ut i september 1982 på selskapet Virgin, og var eit vendepunkt for bandet med god kritikk og gode salstal i Storbritannia og Europa.
Opphav New Gold Dream sprang ut frå den uventa populære og kommersielle suksessen under ein australsk turné med bandet Icehouse, etter Sons and Fascination. Bandet vart inspirert til å skrive «Promised You a Miracle» då dei kom attende til Europa.
I eit intervju i 2012 med songaren Jim Kerr fortalte han at innspelinga av albumet var ei fin tid på seinvåren og tidleg på sommaren i 1982 der «alt me prøvde fungerte. Det var ingen kranglar. Me var forelska i det me gjorde, spelte det, lytta til det. Du får ikkje slik mange periodar i livet ditt når alt går din veg.»
Albumet vart spelt inn i løpet av fem månadar i Rockfield Studio, The Townhouse og Oxford Manor, med førproduksjon i The Old Mill i Fife. På ein kort øvingsturné i januar 1982 skreiv bandet det som vart songane «King Is White and In the Crowd», «Hunter and the Hunted» og «Promised You a Miracle». Sistnemnde vart viktig for den musikalske retninga på albumet. «Promised You a Miracle» vart først spelt av Kid Jensen for Radio 1 og gjeven ut på singel i april 1982.New Gold Dream Box Set Simple Minds.com
For innspelinga av albumet henta dei inn produsenten Peter Walsh etter tilråding frå gitaristen Charlie Burchill, som var imponert over arbeidet Walsh gjorde på remiksen av den førre singelen deira, «Sweat in Bullet». Under innspelinga vart det klart at trommeslagaren i bandet, Mike Ogletree, ikkje nådde heilt opp. Walsh valde å hente inn studiotrommeslagaren Mel Gaynor til å spele på albumet, og etter at Ogletree slutta, vart Gaynor fulltidsmedlem i bandet.
Jazz-klaverspelaren Herbie Hancock var gjesteartist på albumet og spelar ein synthesizer-solo på songen «Hunter and the Hunted».
Utgjeving Albumet kom ut i september 1982 og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart. I USA gav A&M ut ei avgrensa utgåve i gjennomsiktig gull med raudbrun marmorfarga vinyl.
Det vart gjeve ut fleire singlar frå albumet: «Promised You a Miracle» (april 1982), «Glittering Prize» (august 1982) og «Someone Somewhere in Summertime» (november 1982). Tittelsporet vart gjeven ut på ein avgrensa singel i Italia, då bandet vitja landet på turné i mars 1983.
Virgin Records gav ut ei ommastra utgåve av albumet i 2002 (som etterlikna pappomslaget) og tidleg i 2003 (plastomslag). På denne utgåva er mellomrommet mellom songane på albumet noko kortare. Virgin gav òg ut albumet på SACD i 2003 og i 2005 kom ei utgåve på DVD-Audio, som vart miksa heilt på nytt av Roland Prent. Alle spora utanom «Colours Fly and Catherine Wheel» og «Promised You a Miracle» vart miksa på ny i 5.1-kringlyd.
I 2016 gav Virgin ut ein plateboks på seks palter som inkluderte originalalbum, singelversjonane, alternative opptak og demoar, b-sider, radioinnspelinga og ein DVD med 5.1-kringlydmiks av albumet og framsyningar på Top of the Pops.
Mottaking
Albumet fekk god kritikk då det kom ut. I NME skreiv Paul Morley: «Lojaliteten min til Simple Minds er kjend for å vere stor, men sjølv eg blir knust av den stadige venleiken i musikken. New Gold Dream tek lufta frå meg.» Record Mirror-skribenten Mark Cooper: «Dei har overraska og imponert meg, men dei har sjeldan rørt meg. Brått, på New Gold Dream, har dei komen over frykta si for kjensler og kjem ut skinande.»
Seinare sette journalisten David Stubbs New Gold Dream (81–82–83–84) i lag med ABC-albumet The Lexicon of Love og The Associates sitt Sulk, som ei gruppe album som han skildra som «senit» i popen. I ei melding i 2016 skreiv Record Collector-skribenten Tom Byford: «New Gold Dream (81-82-83-84) står skinande og eineståande i Simple Minds-kanonen. No tar det ikkje berre plass blant dei beste framtidige pop-albuma i 1980-åra (Dare, The Lexicon Of Love), det sit òg komfortabelt ved sidan av dei beste popalbuma gjennom tidene.»
Albumet vart inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Då det irske rockebandet U2 laga The Unforgettable Fire i 1984, omtalte dei New Gold Dream som ei inspirasjonskjelde.
Innhald
Medverkande Simple Minds Jim Kerr – solovokal Charlie Burchill – gitar og effektar Michael MacNeil – klaverinstrument og effektar Derek Forbes – bassgitar Mel Gaynor – trommer (spor: 1, 4, 6–9) Mike Ogletree – trommer (spor: 2, 5) Kenny Hyslop – trommer (spor: 3)
Andre medverkande Sharon Campbell – jentestemme (spor: 1, 7) Herbie Hancock – synthsolo (spor: 8)
Salslister Liste (1982) PlasseringAustralia (Kent Music Report) Note: Used for Australian Singles and Albums charting from 1974 until Australian Recording Industry Association (ARIA) created their own charts in mid-1988. In 1992, Kent back calculated chart positions for 1970–1974.8Nederland (Nederlandsk Topp 40)31New Zealand (RIANZ)2UK (OCC)3 Liste (2016) Plassering New Zealand Heatseekers Albums (RMNZ) 10
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «New Gold Dream (81-82-83-84)» frå , den 9. september 2020.
Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Simple Minds-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Peter Walsh