«Waterfront» er ein song av Simple Minds, og den første singelen frå albumet Sparkle in the Rain i 1983. Han har ei basslinje som består av same noten (D) gjennom heile songen. Versjonen som kom ut på 7"-singelen er forskjellig frå versjonar som finst på CD. Den originale singelen hadde ikkje den repeterande basslinja som går inn i hovuddelen av songen, men ei nedteljing på trommene av Mel Gaynor.
Med ein ny og meir rocka stil gjekk «Waterfront» inn på listene i forskjellige land og toppa lista i New Zealand i to veker i februar 1984. Han nådde òg 13. plassen på UK Singles Charts, 16. plassen i Sverige, 19. plassen i Australia, og femteplassen i Irland.
Innhald 7"-singel «Waterfront» (Single Version) – 4:40 «Hunter & The Hunted» (Konsertopptak frå the City Hall, Newcastle, 20.11.82.) – 6:00
12"-singel VS636 (12) «Waterfront» (Extended Version) – 5:50 «Hunter & The Hunted» (Konsertopptak frå the City Hall, Newcastle, 20.11.82.) – 6:00
Salslister Liste (1983–1984)PlasseringAustralia (Kent Music Report)19
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waterfront (song)» frå , den 9. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand Kategori:Simple Minds-songar Kategori:Songar produserte av Steve Lillywhite Kategori:Songar skrivne av Charlie Burchill Kategori:Songar skrivne av Derek Forbes Kategori:Songar skrivne av Jim Kerr Kategori:Songar skrivne av Mick MacNeil Kategori:Virgin Records-singlar