Progressiv rock (ofte berre kalla prog eller progrock) er ein sjanger innan rock som utvikla seg på slutten av 1960-åra og tidleg i 1970-åra og som i følgje allmusic var «eit hovudsakleg britisk forsøk på å ta rockemusikk til nye kunstneriske nivå.» Uttrykket «kunstrock» vert ofte nytta om ein annan med progressiv rock, men dei to sjangrane er ikkje identiske.

Progressive rockeband tøygde dei tekniske og komposisjonsmessige grensene i rockemusikken ved å ta musikken vidare frå den populære vers-refreng-baserte songstrukturen. I tillegg nytta ein ofte arrangement med element frå klassisk musikk, jazz og verdsmusikk. Instrumentalar var vanlege, medan songtekstane ofte var omgrepsmessige, abstrakte eller basert på fantasy. Progressive band gav stundom ut konseptalbum som ofte fortalde ei soge eller omhandla spesifikke tema.

Progressiv rock utvikla seg frå psykedelisk rock seint i 1960-åra, i ein periode då det vart stadig vanlegare å ta musikken eit steg vidare med eit breitt spekter av inspirasjonskjelder.

Sjangeren har vorte nytta om band som King Crimson, Yes, Genesis, Pink Floyd, Jethro Tull, Gentle Giant, The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer. Progressiv rock vart mest utbreidd på midten av 70-åra. Sjølv om progressiv rock nådde ein topp i 1970- og tidleg i 1980-åra, har neo-progressive band halde sjangeren relativt populær etter dette.

Kjenneteikn

Musikalske kjenneteikn mini|Pink Floyd frå ein konsert i 1973 då bandet hadde slått gjennom kommersielt med Dark Side of the Moon. Form: Progressive rockesongar prøver anten å unngå dei vanlege songstrukturane i populær musikk som vers-refreng-bru, eller viske denne forma ut med å lage lengre seksjonar eller setje inn fleire mellomspel, ofte med overdriven dynamikk for å forsterke kontrasten mellom seksjonane. Klassiske former vert ofte sett inn eller byta ut, og resultatet vert stundom heile suitar, som byggjer på tradisjonelle potpurri av tidlegare rockeband. Progressive rockesongar har ofte lange instrumentale parti, som blandar den klassiske solotradisjonen med improvisasjonstradisjonar i jazz og psykedelisk rock. Alt dette medfører at progressive rockesongar kan verte lange, og dei kan stundom vare over 20 minutt.

Klangfarge: Tidlege progressive rockeband utvida klangfargane til den tradisjonelle rockemusikken, som då bestod av gitar, orgel, bass og trommer, med å bruke mindre vanlege instrument som fløyte, saksofon og fiolin, og i tillegg utforske kva som var mogeleg å gjere med nye elektroniske piano, synthesizerar og elektroniske effektar. Moderne progressive rockeartistar held fram denne tradisjonen med å eksperimentere med nye og forskjellige lydar og instrument. Nokre instrument, som moogsynthesizer og Mellotron, har vorte nært knytte til denne sjangeren.

Rytme: Med påverknad frå klassisk musikk, jazz og eksperimentell musikk, har progressive rockeartistar ofte utforska uvanleg tempoangjeving, synkope, polyrytme og tempoendringar som ikkje vert nytta til vanleg i rockemusikk. Utan ein enkel, jamn rytme vert progressive rock rekna for å vere mindre oppteken av at det skal vere mogeleg å danse til musikken.

Melodi og harmoni: Musikkritikaren Piero Scaruffi hevdar at progressiv rock ikkje fokuserer like mykje på melodi som andre former form rock.Piero Scaruffi I progrock er bluespåverknaden ein ofte finn i anna rock ofte erstatta av påverknader frå jazz og klassisk musikk. Melodiane er langt oftare modale enn tufta på den pentatoniske skalaen. Akkordar og akkordprogressjonane er òg ofte modale, og utvida med sekst- septim og noneakkordar, og samansette intervall. Akkordprogressjonen I-IV-V er mykje mindre vanleg i progrock. Ofte kan ein høyre spor, eller til og med direkte avspeling, av tema frå klassisk musikk. Enkelte band har utforska atonale eller disharmoniske harmoniar, og nokre få har til og med arbeidd med tidleg serialisme.

Struktur og biletbruk: Omsluttande lydkulisser og teatralske element vert ofte nytta til å skildre scenebilete, hendingar eller andre aspekt av eit konsept. Eit Wagner-aktig leiemotiv vert nytta til å representere forskjellige karakterar i Genesis sine «Harold the Barrel» og «Robbery, Assault and Battery». Lydane av klokker og kasseapparat vert nytta til å representere tid og pengar på Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon.

Andre kjenneteikn Teknologi: For å kunne utforske klangfargane vidare har progressive rockeband ofte tidleg nytta nye elektroniske instrument og teknologiar. Emerson Lake and Palmer var av dei første som nytta moogsynthesizer, og mellotron vart flittig brukt av tidlege progressive rockeband som Moody Blues, King Crimson og Genesis. Seint i 1970-åra utvikla Robert Fripp frå King Crimson og Brian Eno analoge bandsløyfe-effektar (Frippertronics). I 1980-åra nytta Frank Zappa Synclavier til å lage musikk og innspelingar, og King Crimson utvikla MIDI-gitarar, ein Chapman Stick, og elektronisk perkusjon.

Konseptalbum: Sjølv om dei ikkje berre vert nytta innan progressiv rock, er songsamlingar med eit felles tema eller ei felles soge ofte vanlege i sjangeren. Sidan progressive rockesongar ofte er lange i seg sjølv, har slike album ofte vorte lengre enn det lagringsteknikkane på den tida tillet, og ein måtte derfor stundom gje ut eitt enkelt album på doble vinylplater, kassettar og sjølv CD-ar for å få med alt. Konsepta har vore både historiske, fantastiske og metafysiske, og Jethro Tull gav til og med ut eit konseptalbum som gjorde narr av konseptalbum, Thick as a Brick i 1972.

Lyriske tema: Sjølv utanom konseptalbum nyttar ofte progressiv rock tekstar som står i stil med den musikalske ambisjonen. Typiske pop- og rocktema som kjærleik, dansing osv, er ofte unngått og ein har i staden fokusert på tema ein ofte finn i litteraturen. Tekstforfattarar som Ian Anderson (Jethro Tull), Peter Hammill (Van Der Graaf Generator), Neil Peart (Rush) og Pete Sinfield (King Crimson og ELP) skreiv gjennomarbeidde tekstar som kombinerte innblikk, samfunnskommentarar og poetiske inspirasjonskjelder. Genesis skreiv ofte surrealistiske soger i tekstane sine, medan Roger Waters (Pink Floyd) kombinerte samfunnskritikk med sin personlege kamp mot grådigskap, galskap og død. Litteratur, mytologi og folkeminner er òg vanlege tema. Sjølv om fantasy- og science-fiction-tema er mykje mindre brukt enn enkelte kritikarar hevdar, er dei vanlege stereotype tema i progressiv rock.

Presentasjon: Plateomslaga er ofte ein viktig del av det kunstneriske konseptet. Denne trenden starta med The Beatles sitt album Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i 1967 og spelte ei stor rolle i marknadsføringa av progressiv rock. Enkelte band vart nesten like kjende for plateomslaga sine som musikken på albuma. Dette førte til at enkelte kunstnarar og designstudio vart kjende for arbeidet dei gjorde for desse artistane, som Roger Dean for Yes, og Storm Thorgerson og studioet hans Hipgnosis for Pink Floyd og fleire andre progressive rockegrupper.

Sceneopptrede: På starten av 70-åra starta fleire progressive rockeband å nytte stadig meir omstendige og stundom prangande teatralske effektar under konsertane sine. Frontmann i Genesis, Peter Gabriel, nytta mange forskjellege fargerike og eksotiske kostyme i løpet av eit show, og dei nytta laserar og store spegl i takt med musikken. Queen nytta seinare laserar, røykmaskinar og kompliserte lyssystem som ein del av konsertane sine. Yes nytta eit futuristisk scenedesign laga av Roger Dean, inkludert utstyr frå romskip og kompliserte lyssystem. Jethro Tull slepte ut kaninar på scenen. Ein av ELP sine mange scenepåfunn var eit fykande piano.

Pink Floyd nytta mange sceneeffektar, inkludert styrtande fly, ein gigantisk fykande gris, store skjermar og i 1980 ein enorm mur som vart bygd opp under konsertutgåva av The Wall.

Historie Forgjengarar Allmusic omtalar Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band av The Beatles som eit vendepunkt der progressiv rock starta. Tidlegare album av bandet som Rubber Soul og Revolver hadde hatt element av austleg musikk og instrument som ikkje var vanlege rockemusikk. Musikkritikar Piero Scaruffi hevdar at progressiv rock teknisk sett starta i 1967 med Cream og The Nice, som han skidrar som grupper som reagerte på den enkle, melodiske, tre minuttar lange popen til tidleg Beatles. Men han overser då at Beatles, før 1967, hadde nytta element av austleg og klassisk musikk i songane sine, som seinare skulle påverke progressive rockeband som Yes og King Crimson.

I 1966 gav Frank Zappa and the Mothers of Invention ut albumet Freak Out, som var ei blanding av progressiv rock, punk og avantgarde-lydar. Same året byrja bandet 1-2-3, seinare kalla Clouds, å eksperimentere med songstrukturar, improvisering og fleire lag av arrangement.Brian Hogg, The History of Scottish Rock and Pop. (BBC/Guinness Publishing)'1-2-3 and the Birth of Prog,' Mojo, Nov. 1994 I mars kom The Byrds med «Eight Miles High», ein pioner innan psykedelisk rock med sologitar påverka av jazzstilen til John Coltrane. Same året gav The Who ut «A Quick One While He's Away» som er det første døme på ein rockeopera, og av somme rekna som det første progrock-stykket.The Who på progarchives.com

I 1967 gav Jeff Beck ut singelen «Beck's Bolero» som var inspirert av Maurice Ravel sin Bolero, og seinare same året kom Procol Harum med den Bach-aktige singelen «A Whiter Shade of Pale». I 1967 gav òg the Moody Blues ut debutalbumet sitt, Days of Future Passed, som kombinerte klassiskinspirert orkestermusikk med tradisjonelle rockeinstrument og songstrukturar. Pink Floyd sitt debutalbum, The Piper at the Gates of Dawn, inneheldt den nesten ti minuttar lange improviserte og psykedeliske instrumentalen «Interstellar Overdrive». I 1968 nytta Big Brother and the Holding Company Bach sitt preludium frå The Well-Tempered Clavier i deira utgåva av George Gershwin sin «Summertime».

Mot slutten av 60-talet starta mange rockeband å nytte instrument frå klassisk og austleg musikk, samt eksperimentering med improvisasjon og lengre komposisjonar. Enkelte band, som britiske Soft Machine, starta å blande rock og jazz. På tampen av tiåret hadde band som Deep Purple og The Nice spelt inn klassisk-influerte album med fullstendige orkester, Concerto for Group and Orchestra av Deep Purle og Five Bridges av The Nice.

Tidlege band I følgje Scaruffi var tidlege progrockband og artistar Traffic, Jeff Beck, Family, Jethro Tull og Genesis; medan King Crimson, Yes og Van Der Graaf Generator representerte sjangeren då han var på topp. Fleire viktige band innan sjangeren hadde starta på 60-talet, som The Moody Blues (1964), Pink Floyd (1965), Soft Machine (1966), Barclay James Harvest (1966), Gong (1967), Genesis (1967), Jethro Tull (1967), The Nice (1967), The United States of America (1967), Uriel (1967), Yes (1968), Caravan (1968), The Crazy World of Arthur Brown (1968), King Crimson (1969) og Gentle Giant (1969), men ikkje mange av desse starta som progressive rockeband.

Sjølv om nesten alle desse var frå Storbritannia, vart sjangeren gradvis populær andre stader i Europa. Triumvirat førte an i Tyskland si progressive rockerørsle, medan Tangerine Dream, Faust, Can og Neu! førte an i Berlinskulen og krautrock. Flame Dream var eit band frå Sveits, Focus og Trace lp, frå Nederland, frå Frankrike kom Ange, Gong og Magma, og i Hellas oppstod Aphrodite's Child med den elektroniske musikkpioneren Vangelis. I Spania oppstod òg mange progband som Canarios og Triana, og i Skandinavia finn ein mellom anna Popol Vuh med Jahn Teigen frå Noreg, Kaipa frå Sverige og Wigwam frå Finland. Italiensk progressiv rock vert stundom rekna som ein eigen sjanger med band som Areal, Banco del Mutuo Soccorso, Le Orme, Goblin, PFM, Museo Rosenbach, Il Balletto di Bronzo og Locanda Delle Fate.

Ein finn òg progrock i Latin-Amerika med band som Arion og Os Mutantes frå Brasil, som kombinerte element frå tradisjonell brasiliansk musikk med psykedelisk rock, klassisk musikk, jazz og eksperimentelle lydar. I Argentina hadde ein