thumb|Kristusfiguren i dette krusifikset stammar frå Skafså stavkyrkje. Skafså stavkyrkje stod på same tufta som dagens Skafså kyrkje. Ho vart riven i 1830-åra, og dagens kyrkje vart innvigd i 1839.

Det er smått med omtale av kyrkja i mellomalderen, men Skafså-folket fekk som bøndene i nabosoknet Mo ikkje indulgents av Biskop Eystein i hans hyrdebrev. Jens Nilssøn nemnar kyrkja i sin visitasrapport frå 1595, og i ein synfaringsrapport frå 1668 er kyrkja skildra som lik Mo-kyrkja, med svaler og mange skruv. Lorentz Dietrichson spør seg om ho som Mo-kyrkja hadde heva kor. I ei jubileumsbok frå 1939 heiter det: «Kyrkja var bygd umkring ei mast.» Tyder det at ho var ei midtmastkyrkje? Utover dette synast lite kjent om utsjånaden.

Gjenstandar frå stavkyrkja Ein kristusfigur frå eit krusifiks vart i si tid overført frå gamlekyrkja til nykyrkja og fekk ny kross i 1928, samstundes som krusifikset vart montert på ein korbjelke. Bjelken vart fjerna ved ei vøling fram mot 1959, og krusifikset vart plassert i altartavla. Det vart fjerna for konservering i 1990 og er frå 2001 i Vest-Telemark Museum.

Eit renessansealtarbord frå stavkyrkja vart teke i bruk i dagens kyrkje i 1959 etter å ha vore i privat eige, og i dagens kyrkje er òg ein Frederik II-bibel frå 1589. Enkelte materialar frå stavkyrkja er brukt opp att i dagens kyrkje. Til dømes er rosemåla bord oppdaga i golvet.

Kjelder

Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 117

Denne artikkelen bygger på «Skafså stavkirke» frå , den 12. september 2020.

Fotnotar Diplomatarium Norvegicum IX:186

Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 13.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Tokke Kategori:Kulturminne i Tokke