thumb|Onsøy prestegård Onsøy prestegard eller Velli gard (gnr. 19) ligg nokre hundre meter nordaust for Onsøy kyrkje i Fredrikstad kommune.
Akkurat som for kyrkja kan historia til prestegarden sporast attende til mellomalderen, men omfang og plassering har variert over tid. Frå 1000-talet var nabogarden Torp prestegard, men i 1575 fekk sokneprest Hans Bang etablert Velli som prestegard, og hus vart flytta frå Torp til Velli (eller Valle). Fleire nabobruk vart lagde under prestegarden. Desse husmannsplassane, så som Nor, Raahaugen og Treskallen, er sidan selde.
Prestegardsbygningar Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med utvendig panel og delvis valma tak. Bygningen er frå midten av 1700-talet, men vart bygd om og utvida på 1800-talet. Han har ei sidefløy. Hovudbygningen vart freda saman med ei tidlegare drengestove i 1991. I nordkant av tunet står òg m.a. ein større driftsbygning. Sør for hovudhuset er restar av ein prestegardshage som i si tid hadde frukttre, grusgangar og lysthus.
Sal av prestegarden Sal av prestegarden har versert i avisene i ei årrekkje. I 2011 vart det meldt at prestegarden med 956 mål landbruksjord var lagd ut for sal. Salet vekte motstand, men etter mye att og fram vart det meldt i 2015 at konsesjon for sal var gjeve og eigedomen seld. Etter nokre år i privat eige vart prestegarden igjen lagd ut for sal i 2019, då med det meste av jorda frådelt. Medio 2020 var garden framleis ikkje seld.
Fornminne På prestegarden sin grunn er elles ni lokalitetar med funn av helleristingar og skålgroper frå bronsealderen. Mellom helleristingane er Onsøyskipet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Onsøy prestegård» frå , den 13. september 2020.
Fotnotar Sjå særleg Schou (1996), s. 280ff.
Kulturminnesøk om Onsøy prestegard. Kulturminnesøk om Onsøyskipet.
Onsøy leksikon, s. 97, 126 og 149.
Fredrikstad Blad, 6. desember 2011.
Fredrikstad Blad, 27. juni 2019. (Krev abonnement.)
Enebolig på Torpebråten 3 (salsannonse frå eigedomsmeklar)
Vogt (2000), s. 34–47.
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Fredrikstad