thumb|Krusifikset frå Helgen stavkyrkje er overført til dagens kyrkje. Helgen stavkyrkje stod som dagens Helgen kyrkje på Helgen vestre (gnr. 54). Kyrkja var vigsla til Olav den heilage den 2. februar i eit ukjent år, men ein trur at stavkyrkja vart oppført før år 1200. Det er ført prestbol til kyrkja i jordeboka til Biskop Eystein (1398), og soknet er nemnt i 1429 og 1477. Av Povel Huitfeldt si stiftsbok (1575) går det fram at Helgen er anneks til Holla, og dette vert bekrefta av Jens Nilssøn i samband med ein bispevisitas i 1598.

I ein synfaringsrapport frå 1666 vert det sagt at kyrkja er ei «Trækirke, bygget af Stolper med planker». Ho skal då ha hatt tårn, og den eine sida av kortaket skal ha vore tekt med spon og den andre med tegl. Det ser ut til at det var planar om å tekkje heile taket med teglstein. Lite anna synast kjent om stavkyrka sin utsjånad, og ein trur at kyrkja vart riven då dagens kyrkje vart oppført i 1735.

Gjenstandar frå stavkyrkja Eit krusifiks frå 1200-talet er overført til dagens kyrkje, og det same gjeld to klokker frå ca. 1200. Av gjenstandar frå etter reformasjonen må ein gå ut frå at ei altarbok frå 1664 og ei salmebok frå 1699 har kome den same vegen. Eit par ljosestakar av ukjend alder, men i ein stil som var utbredt på 1500- og 1600-talet, er å finne i kyrkjekunstutstillinga på Norsk Folkemuseum. Enkelte andre gjenstandar vert knytta til stavkyrkja utan at alderen synest dokumentert. Dette gjeld ein døypefont (der kummen med treutskjeringar er eldst, medan foten er nyare), kalk og disk, messingstakar o.a.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helgen stavkirke» frå , den 20. september 2020.

Fotnotar Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 51.

Diplomatarium Norvegicum XIII:97 Diplomatarium Norvegicum III:919

Dietrichson, s. 504.

Ytterbøe, s. 44.

Observert i kyrkjekunstutstillinga.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Nome Kategori:Kulturminne i Nome