Grethe Monica Eikild Valen () er ein norsk tidlegare syklist frå Skien som i 1994 vart verdsmeister i landevegssykling.

Valen vart norsk meister i sykling ti gongar i perioden 1992-2000. Ho sigra i fem fellesstartar, tre temporitt og to gateritt. Under verdsmeisterskapen i landevegssykling 1994 i Agrigento i Italia vann ho spurten om gullmedaljen i kvinnene sin fellesstart over 86 km. For den prestasjonen vart ho tildelt Morgenbladets gullmedalje. Ho var medlem i Grenland SK.

Valen var i nokre år gift med Svein Inge Valvik.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske syklistar Kategori:Verdsmeistrar i sykling Kategori:Noregsmeistrar i sykling Kategori:Folk frå Skien