Chicken Skin Music er det femte studioalbumet til den amerikanske rootsrock-artisten Ry Cooder, gjeve ut i 1976 på Reprise.
Som på tidlegare album viskar Cooder ut dei geografiske og musikalske grensene mellom songane han speler. Han presenterer «Stand By Me» som ein gospelsong med eit norteño-arrangement eller spelar countrypopsongen til Jim Reeves, «He'll Have to Go», med ein bolerorytme med samspel mellom trekkspelet til Flaco Jimenez og altsaksofonen til Pat Rizzo. Albumet opnar og avsluttar med songar av Leadbelly, og består elles av ei samling songar som varierer frå gamle trubadur/medisinshow-nummer i «I Got Mine» til R&B i «Smack Dab in the Middle». Cooder skriv i notata i plateomslaget at han forstår samanhengen mellom desse tilsynelatande forskjellige stilartane.
Innhald
Medverkande Kjelder:Chicken Skin Music, (1976) Reprise Records, CD: 7599-27231-2 - Notes booklet
Musikarar
Ry Cooder – bajo sexto, mandola, flaskehalsgitar, knappetrekkspel, elektrisk gitar, tiple, Hawaii-gitar, vokal George Bohanon – hornarrangement, barytonhorn Oscar Brashear – kornett Red Callender – kontrabass Chris Ethridge – bassgitar Terry Evans – vokal Cliff Givens – vokal Laurence Fishburne - vokal Hugo Gonzales – bajo sexto Milt Holland – perkusjon, trommer Atta Isaacs – akustisk gitar Fred Jackson Jr. – tenorsaksofon Flaco Jiménez – trekkspel Herman E. Johnson – vokal Jim Keltner – trommer Bobby King – vokal Henry Ojeda – bass Gabby Pahinui – steelgitar, vokal Benny Powell – trombone Pat Rizzo – altsaksofon Russ Titelman – bajo sexto, vokal
Teknisk Ry Cooder – produsent Judy Maizel, Trudy Portch - produksjonskoordinasjon Lee Herschberg - lydteknikar, miksing Lloyd Cruft - lydteknikar Bobby Hata, John Neal - assisterande lydteknikarar Chet Himes, John Ingle - lydteknikar Kenny Price - albumcover, design og måleri Susan Titelman - fotografi Noel Newbolt - produksjonsassistanse
Singlar «He'll Have To Go» / «The Bourgeois Blues», Reprise: K 14457 (Storbritannia) «Goodnight Irene» / «Chloe», Reprise: K REP14473 (Nederland)
Salslister Album År Liste Plassering 1976 Australia (Kent Music Report)80 1976 Billboard Pop Albums 177
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chicken Skin Music» frå , den 22. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Ry Cooder-album Kategori:Album produserte av Ry Cooder Kategori:Reprise Records-album Kategori:Coveralbum