mini|Diagram av ein sigarett. 1. Filter av 95% celluloseacetat. 2. Tipping paper for å dekke filteret. 3. Rullepapir for å dekke tobakken. 4. Tobakk. mini|Tent sigarett på eit askebeger.
Sigarett er finhakka tobakk pakka i sylinderforma papir. Sigaretten vert tend i den eine enden og røyken vert innhalert gjennom munnen i den andre enden, som ofte har eit oransje filter.
Moderne forsking har avdekt ein rimeleg sikker samanheng mellom sigarettrøyking og døyelege sjukdomar som lungekreft, hjartesjukdomar og KOLS. Per i dag vil norske legar fråråde folk å røykje og tilby kurs for å avslutte denne vanen.
Sidan 1. juni 2004 har det vore forbode å røykje på norske utestader med bakgrunn i røykjelova. Vasspiper er tillate å røykje, dersom desse ikkje inneheld nikotin.
Ordsoge Det norske ordet «sigarett» kjem frå fransk cigarette, av spasnk cigarrito, som tyder 'liten sigar'.; cigaret i Den Danske Ordbog Ordet for sigar, cigarro, kan stamma frå mayaordet for røyking, sik’ar. Det spanske cigarro er også sett i samanheng med andre ord, som cigarra, spansk for 'sikade', eller cigarral, 'lysthage'.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Røyking Kategori:Tobakk Kategori:Franske ord og uttrykk