Sailin' Shoes er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat, gjeve ut i 1972.

Det andre albumet til Little Feat vart produsert av Ted Templeman og markerte eit stilskifte frå det første albumet, til ein stil meir lik det neste albumet, Dixie Chicken. Det var òg det første albumet deira med eit plateomslag av Neon Park, og et siste med den opphavlege bassisten Roy Estrada.

Albumet inneheld ein omarbeidd versjon av «Willin'», som kom ut på det første albumet deira, og andre spor som «A Apolitical Blues», «Easy to Slip» og tittelsporet, alle skrivne av frontmannen Lowell George, den andre i lag med Martin Kibbee.

Sporet «Texas Rose Cafe» er ein hyllest til ein restaurant og ølhage som bandet vitja etter ein konsert i Houston. George skal ha likt staden så godt at han sa han skulle skrive ein song om det og ta han med på det neste albumet. Dette viste seg å vere sant.

Albumet vart stemt fram til 469. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).

Innhald Alle spor skrivne av Lowell George, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Lowell George - gitar, solovokal (på alle utanom «Cat Fever») og korvokal, munnspel, barytonsaksofon, trommemaskin Bill Payne - Hammondorgel, korvokal, solovokal («Cat Fever»), Wurlitzer elektrisk piano, piano, trekkspel Roy Estrada - bass, korvokal Richie Hayward - trommer, korvokal, perkusjon

Andre Milt Holland - perkusjon på «Easy to Slip» og «Trouble» Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar on «Willin'» og «Texas Rose Café» Debbie Lindsey - korvokal på «Cold Cold Cold» og «Sailin' Shoes» Ron Elliott - rytmegitar på «A Apolitical Blues»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sailin' Shoes» frå , den 5. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Little Feat-album Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Plateomslag av Neon Park Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders