Waiting for Columbus er det første konsertalbumet til bandet Little Feat, spelt inn i løpet av sju konsertar i 1977. Dei første fire konsertane vart haldne i Rainbow Theatre i London den 1. til 4. august 1977. Dei siste tre konsertane var veka etter i George Washington University i Washington, D.C. den 8. til 10. august.

Bandet hadde med seg blåserekkja frå Tower of Power på scenen, som dei hadde spelt med på albumet Feats Don't Fail Me Now frå 1974.http://gregholt.co.uk/littlefeat.htm Resultatet vart eit av dei bestseljande albuma deira.

Bandet spelte inn og miksa nok materiale til å gje dei ut som eit tredobbelt album, men valde å korte det ned til eit dobbeltalbum. Tre av songane som ikkje vart nytta kom sidan ut i 1981 på samlealbumet Hoy-Hoy!.

Albumet vart stemt til 804. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).

Innhald

Salslister Liste (1978)PlasseringAustralia (Kent Music Report)27USA (Billboard 200)18

Medverkande Paul Barrère - gitar, vokal Sam Clayton - conga, vokal Lowell George - solovokal, gitar Kenny Gradney - bassgitar Richard Hayward - trommer, vokal Bill Payne - klaverinstrument, synthesizer, vokal Mick Taylor - solo- og slidegitar («A Apolitical Blues») Michael McDonald og Patrick Simmons - korvokal («Red Streamliner»)

Med blåserekkja frå Tower of Power:

Emilio Castillo - tenorsaksofon Greg Adams - trompet Lenny Pickett - altsaksofon, tenorsaksofon og klarinett («Dixie Chicken») Stephen «Doc» Kupka - barytonsaksofon Mic Gillette - trombone, trompet

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Waiting for Columbus» frå , den 7. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Little Feat-album Kategori:Konsertalbum frå 1978 Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Plateomslag av Neon Park Kategori:Album produserte av Lowell George