Cowboys & Englishmen er det fjortande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco. Rusty Young-songen «Feudin'» vart nominert til Grammyprisen i 1982 for beste countryinstrumental. Albumet består elles stort sett av overversjonar og var det siste Poco gav ut for MCA for å oppfylle kontrakten deira. Då ABC Records vart selt til MCA synte det nye selskapet lita interesse i å marknadsføre bandet, og badet såg seg derfor om etter andre tilbod. Dei signerte for Atlantic Records for dei neste to albuma, Ghost Town og Inamorata.Legend: Poco by Jerry Fuentes (2009-12-1)
Mottaking
Allmusic-skribenten William Ruhlmann skreiv: «Ei bortkasta plate på ei tid då karrieren deira trengde noko nytt, ikkje nok eit slag i trynet.»
Innhald
Medverkande Paul Cotton - gitar, vokal Rusty Young - steelgitar, gitar, vokal Charlie Harrison - bass, vokal Steve Chapman – trommer Kim Bullard – klaverinstrument, vokal
Produksjon Produsent: Mike Flicker Lydteknikar: Dave Marquette, John Mills
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cowboys & Englishmen» frå , den 14. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Poco-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Mike Flicker Kategori:MCA Records-album