Båtmøll (Gelechiidae) er ei familiegruppe av sommarfuglar. Båtmøll tilhøyrer overfamilien Gelechioidea, ein av mange små sommafugltypar som vanlegvis blir omtalte som møll.

Det finst båtmøll i heile Noreg. Det er funne 732 artar i Europa, inkluder eventuelle underartar (variantar). Totalt sett er det skildra rundt 4500 artar, men det finst mange fleire som ikkje er skildra enno.

Utsjånad Insekta i denne gruppa er små til middelsstore (vengespenn 6- 35 mm), vanlegvis slanke, ofte brokete farga, nokre er metallfarga. Antennene er trådforma og ganske lange. Vengene er lange og smale, med lange hårfrynser langs den ytste delen av bakkanten på framvengen og langs fram- og bakkanten på bakvengen. Bakvengene er karakteristisk innbukta bak spissen, som er markert uttrekt. Beina er høvesvis lange.

Levevis Larver av båtmøll lever på fleire ulike plantar, og utnyttar over 80 ulike familiar av nakenfrøingar og blomsterplantar. I tillegg er det kjent nokre få artar som lever på bregnar og mosar, og ein del som et daudt plantemateriale eller frø. Dei fleste lever som utvaksne larver i hylster rundt skota til plantene, medan dei unge larvestadia gjerne minerer inne i blad. Nokre borar i stenglar eller røter, og nokre få lever i gallar som dei får plantane til å danna. Dei vaksne møllane flyg vanlegvis om natta. Båtmøllane er mest artsrike i tempererte område, blant anna har dei høvesvis mange arter i ørkenar og andre tørkeutsette område.

Skadedyr Fleire arter er skadedyr på plantar og tre. Ein av artane, furuskotmøll, er ein av mange skadedyr på furutre. Arten Pectinophora gossypiella er eit alvorleg skadedyr på bomull. Sitotroga ceralella finst over det meste av verda og gjer skade på lagra korn, medan Phthorimaea operculella angrip poteter.

Systematisk inndeling/norske artar

ordenen Sommarfuglar, Lepidoptera gruppa Glossata Gruppa Coelolepida Gruppa Myoglossata Gruppa Neolepidoptera Gruppa Heteroneura Gruppa Eulepidoptera Gruppa Ditrysia Overfamilien Gelechioidea familie Båtmøll (Gelechiidae) underfamilien Dichomeridinae – har seks slekter i Europa, med 43 arter, inkludert eventuelle underartar. slekta Dichomeris Hübner, 1818 – tre artar i Noreg slekta Brachmia Hübner, 1825 – to artar i Noreg slekta Helcystogramma Zeller, 1877 – tre artar i Noreg Acompsia cinerella (Clerck, 1759) underfamilien Gelechiinae – har mange slekter i Europa, med 680 arter, inkludert eventuelle underartar. gruppa Apatetrini Apatetris kinkerella (Snellen, 1876) – funnen i Sverige og Danmark, ikkje i Noreg gruppa Anomologini Slekta Aristotelia Hübner, 1825 – tre artar i Noreg Slekta Chrysoesthia Hübner, 1825 – to artar i Noreg Xystophora pulveratella (Herrich-Schäffer, 1854) Isophrictis striatella (Denis & Schiffermüller, 1775) Slekta Metzneria Zeller, 1839 – tre artar i Noreg Agrolamprotes micella Denis & Schiffermüller, 1775) Slekta Monochroa Heinemann, 1870 – 12 artar i Noreg Slekta Eulamprotes Bradley, 1971 – tre artar i Noreg Slekta Bryotropha Heinemann, 1870 – ni artar i Noreg gruppa Teleiodini Recurvaria leucatella (Clerck, 1759) Exoteleia dodecella (Linnaeus, 1758) Stenolechia gemmella (Linnaeus, 1758) Parachronistis albiceps (Zeller, 1839) Slekta Teleiodes Sattler, 1960 – fire artar i Noreg Slekta Carpatolechia Capuse, 1964 – seks artar i Noreg Pseudotelphusa paripunctella (Thunberg, 1794) Teleiopsis diffinis (Haworth, 1828) Slekta Altenia Sattler, 1960 – to artar i Noreg gruppa Gelechiini Slekta Gelechia Hübner, 1825 – åtte artar i Noreg Slekta Psoricoptera Stainton, 1854 – to artar i Noreg Mirificarma mulinella (Zeller, 1839) Slekta Chionodes Hübner, 1825 – 11 artar i Noreg Aroga velocella (Zeller, 1839) Filatima incomptella (Herrich-Schäffer, 1854) Neofriseria peliella (Treitschke, 1835) Prolita sexpunctella (Fabricius, 1794) Slekta Athrips Billberg, 1820 – tre artar i Noreg gruppa Gnorimoschemini Slekta Gnorimoschema Busck, 1900 – fem artar i Noreg Scrobipalposis petasitis (Pfaffenzeller, 1867) Slekta Scrobipalpa Janse, 1951 – ni artar i Noreg Slekta Scrobipalpula Povolny, 1964 – to artar i Noreg Cosmardia moritzella (Treitschke, 1835) Klimeschiopsis kiningerella (Duponchel, 1843) Slekta Caryocolum Gregor & Povolny, 1954 – 12 artar i Noreg gruppa Anacampsini Slekta Sophronia Hübner, 1825 – fire artar i Noreg Slekta Syncopacma Meyrick, 1925 – fire artar i Noreg Aproaerema anthylidella (Hübner, 1813) Slekta Anacampsis Curtis, 1827 – tre artar i Noreg gruppa Chelariini Hypatima rhomboidella (Carl von Linné|Linnaeus, 1758) Nothris verbascella (Denis & Schiffermüller, 1775) Slekta Neofaculta Gozmány, 1955 – to artar i Noreg underfamilien Pexicopiinae – har fem slekter i Europa, med 9 artar, inkludert eventuelle underartar. Pexicopia malvella (Hübner, 1805) Thiotricha subocellea (Stephens, 1834)

Kjelder

Aarvik, Leif, Berggren, Kai, Hansen, Lars Ove. 2000. Norges Sommerfugler. Catalogus Lepidopterorum Norwegiae. Norsk entomologisk forening. 192 sider. Fauna Europaea Web Service (2004) Fauna Europaea version 1.1, www.faunaeur.org www.nhm.uio.no/fakta/zoologi/insekter/norlep/ Norges sommerfugler – Et norskspråklig nettsted om norske sommerfugler.

Denne artikkelen bygger på «Båtmøll» frå , den 15. oktober 2020.

Kategori:Insektfamiliar Kategori:Gelechioidea