New Riders of the Purple Sage er det sjølvoppkalla debutalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage. Det vart gjeve ut av Columbia Records i 1971, og nådde 39. plassen på Billboard-lista.
New Riders of the Purple Sage er det einaste studioalbumet til New Riders med Jerry Garcia frå Grateful Dead på pedalsteelgitar. Han er òg med på konsertalbuma Vintage NRPS og Bear's Sonic Journals: Dawn of the New Riders of the Purple Sage.
Mickey Hart og Commander Cody speler høvesvis trommer og piano på dei to spora «Dirty Business» og «Last Lonely Eagle».
Allmusic skreiv om albumet: «Sjølv om ein ser bort frå dei store namna som arbeider med John Dawson, David Nelson og Dave Torbert, så er dette ei bra plate, og kryssar stiar med The Byrds, The Flying Burrito Brothers og til og med Crosby, Stills, Nash & Young, medan det står på eigne bein. Kanskje er eit par av songane (særskild «Henry») føreseielege til tider, men stort sett var New Riders of the Purple Sage full av overraskingar (særskild dei vakre, skjøre gitarane) og har melodiar som står seg godt: 'Portland Woman' 'Whatcha Gonna Do', 'I Don't Know You' og 'Louisiana Lady', for å ikkje å gløyme dei åtte tilbakelente minutta med syre-country i 'Dirty Business'. Det er ingen ekstra notar, men dei trengs ikkje - albumet er ei open bok.»
Innhald
Salslister Liste (1971)PlasseringUSA (Billboard 200)39Australia (Kent Music Report)48
Medverkande
New Riders of the Purple Sage John Dawson – akustisk gitar, vokal David Nelson – elektrisk gitar, akustisk gitar, mandolin, vokal Dave Torbert – bass, akustisk gitar, vokal Jerry Garcia – pedalsteelgitar, banjo Spencer Dryden – trommer, perkusjon Andre medverkande Mickey Hart – trommer, perkusjon på «Dirty Business» og «Last Lonely Eagle» Commander Cody – piano på «Dirty Business» og «Last Lonely Eagle»
Teknisk New Riders of the Purple Sage – produsent Stephen Barncard – lydteknikar, leiande produsent Phil Lesh – leiande produsent Ellen Burke – teknikar Michael Ferguson, Alton Kelly – plateomslag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «New Riders of the Purple Sage (album)» frå , den 17. oktober 2020.
Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Columbia Records-album Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Album spelte inn i Wally Heider Studios