Alive er eit konsertalbum av det amerikanske countryrockbandet Nitty Gritty Dirt Band, utgjeve i 1969. Liberty Records gav ut albumet etter at den originale utgåva av bandet vart oppløyst, og før den neste utgåva av bandet signerte ny kontrakt med dei. John McEuen sa seinare «me spelteinn dette albumet på The Troubador og det var haugevis med utstyr på scenen fordi Poco skulle spele same kvelden som oss.» Konserten må derfor ha vore 6. eller 7. desember 1968. Denne utgåva av bandet vart oppløyst få veker etter denne konserten.

Mottaking

Allmusic-skribenten Bruce Eder gav albumet fire av fem stjerner og skreiv «Kor mange konsertalbumet -- gløym dei som er greie nok -- vart etterlatne av band i 1967-1968? Dette er ei av dei, og ho er betre enn ok, og nesten ei gåve frå himmelen, og fangar ein tidleg inkarnasjon av gruppa (kring 1967) på ein god kveld på The L.A. Troubadour. Nokon har fortent ein stad i den musikalske himmelen for å ha teke avgjersla om å ta opp dette showet.».Eder, B. Allmusic Review henta 24. oktober 2020

Innhald

Medverkande Ralph Barr – gitar, kazoo, solovokal på «Crazy Words, Crazy Tune» John McEuen – banjo, piano, trekkspel, tamburin Jeff Hanna – rytmegitar, vaskebrett, munnspel, trommer, solovokal Jimmie Fadden – trommer, munnspel, vaksebaljebass, krukke, solovokal på «Rock Me Baby» Les Thompson – bass Chris Darrow – fele, mandolin, solovokal på «Alligator Man» og «Goodnight, My Love, Pleasant Dreams»

Produksjon Produsent – Dallas Smith

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alive (Nitty Gritty Dirt Band album)» frå , den 24. oktober 2020. oppgav desse kjeldene: Alive/Rare Junk, The Nitty Gritty Dirt Band, BGO Records BGOCD245 (1994) CD «Alive», The Nitty Gritty Dirt Band, Liberty LST-7611 (1969) LP

Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-album Kategori:Konsertalbum frå 1969 Kategori:Liberty Records-album