Make a Little Magic er det ellevte studioalbumet til The Dirt Band, tidlegare kalla Nitty Gritty Dirt Band.

Albumet held fram den meir polerte softrockstilen dei byrja å spele etter dei forkorta namnet sitt til The Dirt Band, men på eitt og anna spor prøver dei seg på ein litt hardare, arenarock-aktig stil, som på «Badlands».

Tittelsporet på albumet vart gjeve ut på singel og nådde 77. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista, men nådde 25. plassen på Billboard Hot 100 med Nicolette Larson på korsong. Albumet nådde 62. plassen på Billboard 200-lista. Albumet inneheld òg ein versjon av Cindy Bullens-songen «Anxious Heart».

Allmusic skreiv om albumet: «Sjølv om intensjonen med auka energi er verdsett -- og det same er den delikate, akustiske avslutningssongen «Mullen's Farewell to America», eit nikk til den meir progressive starten deira -- er albumet best når dei gjer det litt rolegare, som på dei par songane med Larson på vokal eller den lette rytmen på «Too Good to Be True».»

Innhald

Medverkande Jimmie Fadden - elektrisk og akustisk munnspel John McEuen - lapsteelgitar, mandolin, akustisk gitar på «Mullen's Farwell» Jeff Hanna - solovokal, rytme- og sologitar, korvokal Bob Carpenter - solovokal på «Leigh Ann» og «Harmony» Richard Hathaway - elektrisk bass, korvokal Al Garth - klaverinstrument, alt- og tenorsaksofon, fiolin, bratsj

Andre musikarar Rick Shlosser - trommer og programmering Nicolette Larson - kor- og harmonivokal på «Make A Little Magic», «Do It» og «Harmony» Haden Gregg - korvokal på «Anxious Heart» og «Badlands» Geoffrey Morris - slidegitar på «Too Good To Be True»

Teknisk Produsent - Jeff Hanna og Bob Edwards

Salslister Liste (1980) Plassering US Billboard 200 62 Canadiske RPM Country Albums 12 Canadiske RPM Top Albums 64

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Make a Little Magic» frå , den 25. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Liberty Records-album