Ivan III Vasiljevitsj () var storfyrste av Moskva frå 1462 til 1505. Han var ein dyktig og omsynslaus leiar av moskovitt-riket som ved diplomati og krig samla Russland og frigjorde landet frå mongolane sitt herredøme, samstundes tok han all makt innom riket i eigne hender.

Storfyrsten I åra etter han kom til makt kriga Ivan mot brørne sine for å gjere særrettane deira om inkje. Han gifta seg med Zoë Paleologos, ei brordotter til den siste keisaren i Bysants. Gjennom dette giftarmålet påstod han at Russland var «det tredje Roma». Det eigenlege Roma var i fylgje eit ortodokst perspektiv kome vekk frå den sanne tru, og det andre Roma, Bysants, kunne ikkje lenger verne sann kristendom etter muslimar i 1453 hadde erobra Konstantinopel.

Då storkhanen i Kaptsjak og khanane i Kazan og på Krim låg i strid med kvarandre, lukkast Ivan med hjelp frå khanen på Krim å frigjere seg frå storkhanen sitt herredøme. Seinare slo Ivan også khanen i Kazan og frigjorde dermed landet permanent frå den gylne horden. Gjennom andre krigar ekspanderte Russland også mot nord og vest, la mellom andre under seg Novgorod i 1478 og fyrstedømet Tver i 1485.

Ivan konsoliderte makta ved å gje den ortodokse kyrkja ei ideologisk og makt-politisk rolle. Når det kom til å innføre ulike ordningar, til dømes innsamling av skatt, nytta han tradisjonelle mongolske metodar. Med hjelp frå italienske arkitektar fornya Ivan handverk og kunst i riket sitt. Såleis vart Kreml i Moskva eit føredøme for andre russiske byar og samfunn.

Territoriet til Russland auka i Ivan si tid til det firedoble. Storfyrstedømet Moskva tok dermed steget over til å verte ei stormakt i Aust-Europa. Sonen Vasilij III vidareførte farens politikk.

Kjelder Store norske leksikon

Denne artikkelen bygger på «Ivan III av Russland» frå , den 26. oktober 2020.

Kategori:Russiske fyrstar