Loose Salute er det andre soloalbumet til den amerikanske musikaren Michael Nesmith etter han slutta i The Monkees. Albumet kom ut på RCA Records i 1970 og var dedisert til Tony Richland. Albumet nådde 159. plassen på Billboard Pop Albums-lista.
Historie Versjonen av «Listen to the Band» er den tredje versjonen av songen. Han var tidlegare gjeven ut på 33⅓ Revolutions Per Monkee og som ein singel seint i 1969 med The Monkees. Nesmith spelte òg inn Monkees-songen «Carlisle Wheeling», men skifta namnet på denne til «Conversations».
Albumet inneheld eit delvis instrumentalt nummer, «First National Dance», som vart spelt inn for albumet, men som i siste augneblink vart erstatta av «Silver Moon», som kom ut på singel i Australia og gjorde det ganske godt der, med ein 14. plass på singellista. Ein versjon av Jerry Reed-songen «Guitar Man» vart spelt inn, men ikkje gjeven ut på albumet. Då albumet kom ut på ny i lag med Magnetic South på CD av RCA/BMG International i 2000, vart «First National Dance» gjeven ut som bonusspor.
Sporet «Bye, Bye, Bye» vart spelt inn og miksa elleve gonger før Nesmith var nøgd med resultatet. Dette forseinka utgjevinga av albumet.
Mottaking
Allmusic skreiv i meldinga si: «Loose Salute heng ikkje like godt saman som Magnetic South, men materialet er sterkt, bandet høyrest bra ut og Michael Nesmith kom med fleire overraskingar enn han hadde gjort på det første albumet. Det er ei av dei beste platene i katalogen hans som soloartist.»[ Magnetic South and Loose Salute reissue review on Allmusic.]
Innhald
Personnel Michael Nesmith – vokal & rytmegitar John London – bass John Ware – trommer Red Rhodes – pedalsteelgitar med: Glen Hardin – piano
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loose Salute» frå , den 28. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Michael Nesmith-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Album produserte av Michael Nesmith