Pogradec er ein by og ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg ved Ohridsjøen aust i landet og grensar i vest til regionen Elbasan, i aust til nabolandet Nord-Makedonia.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Pogradec vart slått saman med landkommunane Hudenisht, Buçimas, Çërravë, Dardhas, Trebinjë, Proptisht og Velçan. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Pogradec.
Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Pogradec, som var samanfallande med den noverande kommunen. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Pogradec.
Folketal
Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Buçimas 15 687 11 882 Çërravë 7 009 4 655 Dardhas 2 182 1 684 Pogradec 20 848 17 371 Proptisht 4 785 2 907 Trebinjë 2 481 1 500 Hudenisht 5 990 4 447 Velçan 2 548 1 624 Kommunen Pogradec 61 530 46 070
Referansar
Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Korçë Kategori:Busetnader i regionen Korçë Kategori:Kommunaleiningar i regionen Korçë