Minute by Minute er det åttande studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 1. desember 1978 på Warner Bros. Records. Det var det første albumet deira heilt utan Tom Johnston som fulltidsmedlem av bandet, og det vart det siste med medlemmane Jeff «Skunk» Baxter og John Hartman.
Albumet låg 87 veker inne på Billboard 200-lista. Våren 1979 var Minute by Minute det bestseljande albumet i USA i fem ikkje-samanhengande veker.Whitburn, Joel. The Billboard Book of Top Pop Albums 1955-1985, Record Research Inc., 1985, p. 106, 506. Det har selt til 3× platinaplate i USA hos RIAA.
Songen «What a Fool Believes» gjekk til topps på Billboard Hot 100 i april 1979 og vart den største hitten deira. Tittelsporet og «Depending on You» kom òg ut som singlar og nådde topp 30.
Minute by Minute gjorde The Doobie Brothers til ein av dei store vinnarane på Grammyprisutdelinga året etter. Albumet vann prisen for beste popvokal av ei gruppe eller ein duo og vart nominert til årets album. Singelen «What a Fool Believes» gav dei tre Grammyprisar, mellom anna for årets song og årets singel.
Innhald
Medverkande
The Doobie Brothers Patrick Simmons – solo- og rytmegitar, solo- og korvokal Michael McDonald – piano, elektrisk piano, orgel, synthesizer, solo- og korvokal Jeff «Skunk» Baxter – solo- og rytmegitar Tiran Porter – bass, korvokal John Hartman – trommer Keith Knudsen – trommer, korvokal
Andre medverkande Bobby LaKind – conga, korvokal Tom Johnston – korvokal på «Don't Stop to Watch the Wheels» Nicolette Larson – duettvokal på «Sweet Feelin'», korvokal på «Dependin' on You» Rosemary Butler – korvokal på «Here to Love You» og «Dependin' on You» Norton Buffalo – munnspel på «Don't Stop to Watch the Wheels» og «Steamer Lane Breakdown» Herb Pedersen – banjo på «Steamer Lane Breakdown» Byron Berline – fele på «Steamer Lane Breakdown» Lester Abrams – elektrisk piano på «How Do the Fools Survive?» Bill Payne – synthesizer (med Michael McDonald) på «What a Fool Believes» og «Minute by Minute» Andrew Love – saksofon på «Here to Love You», «Dependin' on You» og «How Do the Fools Survive?» Ben Cauley – trompet på «Here to Love You», «Dependin' on You» og «How Do the Fools Survive?» Novi Novog – synthesizer solo på «Open Your Eyes»
Produksjon Produsent – Ted Templeman Produksjonskoordinasjon – Beth Naranjo Lydteknikar – Donn Landee Ekstra lydteknikarar – Loyd Clifft og Steve Malcolm Design og koordinator – Bruce Steinberg Fotografi – David Alexander Management – Bruce Cohn
Spelt inn i Warner Bros. Recording Studios i Nord-Hollywood Miksa i Sunset Sound i Los Angeles
Salslister
Vekeslister ÅrListePlassering1979Billboard Pop Albums1
Singlar ÅrSingelListePlassering1979«Dependin' on You»Billboard Pop Singles25«Minute by Minute»Billboard Black Singles74«Minute by Minute»Billboard Pop Singles14«What a Fool Believes»Billboard Black Singles72«What a Fool Believes»Billboard Club Play Singles40«What a Fool Believes»Pop Singles1
Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USA3× platina22. oktober 1984
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Minute by Minute» frå , den 7. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:The Doobie Brothers-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album produserte av Ted Templeman Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders