Ozeloten (Leopardus pardalis, tidlegare Felis pardalis) er eit kattedyr som lever i skog og på steppar i Sør- og Mellomamerika. Han er spesielt kjend for den fine pelsen sin, og vart av den grunn tidlegare rekna som ein sårbar art, men bestanden er no rekna som livskraftig.

Kjenneteikn Ozeloten er gul eller gråaktig avhengig av kor tørr biotopen er. Pelsen er kledd med svarte flekkar og strekar, og vert rekna som særs fin. Kroppslengda er som på ein stor huskatt (65-100 cm), og vekta ligg i overkant av 10 kg.

Levevis Ozelotar lever åleine eller parvis i skogar og på steppar frå Mexico til nord i Argentina. Dei jaktar om natta, hovudsakleg på små pattedyr, fugl og krypdyr. Dei sym og klatrar godt, og fangar gjerne byttet sitt i trea.

Kullstorleiken er på 2-4 ungar, som vert fødde om hausten etter at hoa har gått drektig i litt over to månadar.

Kjelder

Verdens dyr, Cappelen 1985

Kategori:Kattedyr Kategori:Pattedyr i Nord-Amerika Kategori:Pattedyr i Sør-Amerika Kategori:Pattedyr i Argentina Kategori:Pattedyr i Bolivia Kategori:Pattedyr i Brasil Kategori:Pattedyr i Colombia Kategori:Pattedyr i Ecuador Kategori:Pattedyr i Fransk Guiana Kategori:Pattedyr i Guyana Kategori:Pattedyr i Mexico Kategori:Pattedyr i Paraguay Kategori:Pattedyr i Peru Kategori:Pattedyr i Surinam Kategori:Pattedyr i Trinidad og Tobago Kategori:Pattedyr i Uruguay Kategori:Pattedyr i Venezuela Kategori:Pattedyr i USA