Raglan på Nordøya på New Zealand er ein liten kystby som ligg 48 km vest for Hamilton, ved State Highway 23. Han er kjend for surfing og strender med svart vulkansk sand.
mini|Utsyn over Manu-bukta i Raglan Iwien Ngāti Māhanga heldt til på området rundt Raglan seint på 1700-talet. Det finst minst 81 arkeologiske funnstader i området, hovudsakleg nær kysten. Avgrensa radiokarbondatering har tidfesta dei eldste stadane til rundt 1400. Maoriane kalla staden ('den lang jakta'). Ei overlevering fortel at Tainui-presten Rakataura, kryssa Whāingaroa på veg til Kāwhia. Ei anna seier at dette var ein av stadene den tidlege Te Arawa-utforskaren Kahumatamomoe vitja med nevøen sin Īhenga under ekspedisjonen sin frå Maketū. mini|Wainamu Beach med Type 22 pillbox frå 1942 og Karioi. Dei fyrste europearane til å slå seg ned i området var metodistmisjonærane James og Mary Wallis, som blei velkomne av lokale maoriar i 1835.Raglan by R. T Vernon Europeisk busetnad i større skala, som inkluderte store endringar i omforming av land til beite, byrja på midten av 1850-talet etter eit stort landsal av hovding Wiremu Neera Te Awaitaia.
Namnet «Raglan» blei teke i bruk i 1858 til ære for Fitzroy Somerset, 1. lord Raglan (1788–1855), som hadde leia dei britiske styrkane under Krimkrigen i 1853–1856.
Økonomien i Raglan bygde opphavleg på Phormium- og tømmereksport, følgd av landbruk, som er blitt verande viktig i området. Kultur og turisme er også viktige nyare næringsvegar. Raglan and District Museum huser historiske gjenstandar og arkiv for regionen. Det blei bygd ein ny museum i 2011.Raglan and District Museum
Byen blei åstad for sivil ulydnad-kampanjar på 1970-talet. Under andre verdskrigen (1939–1945) hadde styresmaktene teke maoriland her for å laga ei militær flystripe. Då dei ikkje lenger trengde denne for forsvar blei delar av landet, ikkje gjeven attende til eigarane men i staden del av den offentlege golfbana i Raglan. Ei rekkje protestar og eit forsøk på å gjenokkupera landet følgde. I 1978 blei 20 maoriar arresterte ved det niande holet på golfbana. Landet blei til slutt gjeve tilbake til dei opphavlege eigarane, og blei eit fokuspunkt for maori-protestrørsla.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Raglan, New Zealand» frå , den 11. november 2020.
Kategori:Busetnader i Waikato