Rickie Lee Skaggs (), kjend under artistnamnet Ricky Skaggs, er ein USA-amerikansk country og bluegrass-songar, musikar, produsent og komponist. Han speler hovudsakleg mandolin, men han speler òg fele, gitar, mandocaster og banjo.

Skaggs vart innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i 2016 og Country Music Hall of Fame i 2018.

Berre sju år gammal spelte Skaggs på fjernsyn på countryshowet til Martha White i lag med Lester Flatt og Earl Scruggs. Tidleg i 1970-åra spelte han med Ralph Stanley. Skaggs vart sidan med i The Country Gentlemen i Washington, DC. I 1976 skipa Skaggs det progressive bluegrassbandet Boone Creek, med Vince Gill og Jerry Douglas. I eit par år var Skaggs medem av Emmylou Harris sitt Hot Band. Han var med å arrangere det bluegrass-aktige albumet til Harris i 1980, Roses in the Snow.

Skaggs starta sin eigen countrykarriere i 1980 og fekk 12 førsteplassar på countrylista, 8 CMA-prisar og 8 ACM-prisar. I 1982 vart han medlem av Grand Ole Opry, som den yngste nokon gong til å bli innlemma på den tida.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ricky Skaggs» frå , den 11. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske bluegrassmandolinistar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske mandolinistar Kategori:USA-amerikanske multiinstrumentalistar Kategori:Countrymusikarar frå Kentucky Kategori:The Country Gentlemen-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Grand Ole Opry-medlemmar Kategori:Musikarar frå Appalachia Kategori:Folk frå Lawrence County i Kentucky Kategori:Country Music Hall of Fame Kategori:New South-medlemmar Kategori:Kentucky Thunder-medlemmar