mini|Odde på Dzjarylgatsj i Ukraina.

Ein odde (norrønt oddi) eller eit nes (norrønt nes) er eit landstykke som stikk ut i sjø eller vatn og skil mellom to vikar (bukter) eller strendar. Tidvis kan odde visa til den ytste spissen av eit nes.

Same type formasjon kan også kallast tange og tunge (Tungenes). Ordet nes blir òg brukt om innlandformasjonar skapt av elveløp og er hyppig i bruk som til gards- og stadnamn. Ein namnekombinasjon finst som Nordnesodden (vanlegare Nordnespynten) i Bergen, og i Oslofjorden finst ein variant som bruker alle nemningane i Nesoddtangen.

Ordet blir brukt om same landform i både Noreg, Danmark og Sverige (skrive udde). Danske Sjællands odde er det klart største dømet i desse tre landa.

Sjå òg Halvøy Kapp Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Odde» frå , den 13. november 2020.

Kategori:Kyst- og havlandformer Kategori:Ord frå norrønt