Norske Tekstilkunstnere (NTK) er ein norsk interesseorganisasjon for biletkunstnarar som arbeider med tekstilkunst, det vera seg gjennom direkte bruk av tekstile materialar, teknikkar og uttrykk, eller som forheld seg til problemstillingar knytte til det tekstile mediet.

NTK driv SOFT galleri som ligg sentralt til i Kvadraturen i Oslo, i Rådhusgata 20. NTK driv òg kunstnaropphaldet AiR Green - Artist in Residence at Søndre Green farm. I tillegg gjennomfører dei fleire SOFT moments kvart år - ulike tekstile augneblunk rundt om i heile Noreg.

Historie og verksemd NTK blei oppretta i 1977 og er ein landsomfattande organisasjon og ein av dei 20 organisasjonane som har vore med i Norske Billedkunstnere frå byrjinga. Organisasjonen har rundt 200 medlemmar og kallar seg «kunstnarstyrt».

AIR Green AIR Green - Artist in Residence at Søndre Green farm er eit kunstnaropphald oppretta i 2016. Opphaldet er på Søndre Green gard som ligg rett ved Krøderen i Krødsherad kommune

Sjå òg

Tegnerforbundet Haustutstillinga

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Norske Tekstilkunstnere» frå , den 18. november 2020.

Bakgrunnsstoff

Nettstaden til Norske Tekstilkunstnere Nettstaden til SOFT galleri Soft magasin

Kategori:Norske interesseorganisasjonar Kategori:Norske kulturorganisasjonar Tekstilkunstnere Kategori:Skipingar i 1977