Steven Paul «Buddy» Miller () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, musikar, plateartist og produsent, som for tida bur i Nashville i Tennessee. Miller er gift med Julie Miller, som han har samarbeidd mykje med musikalsk gjennom karrieren.

I 1980 skipa han Buddy Miller Band i New York City. I 1990-åra flytta han til Nashville og arbeidde som studiomusikar, før han byrja å spele inn eigne album i heimestudioet sitt.

Miller har turnert som sologitarist i bandet til Emmylou Harris, Steve Earle, og Emmylou Harris og Linda Ronstadt på Western Wall-turneen deira. Han har òg spelt med Alison Krauss and Union Station. Emmylou Harris, Patty Griffin, Gillian Welch og David Rawlings som ein del av Sweet Harmony Traveling Revue, Robert Plant og Alison Krauss på turneen deira og med Robert Plant i hans Band of Joy.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Buddy Miller» frå , den 22. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske lydteknikarar Kategori:Folk frå Fairborn i Ohio Kategori:Musikarar frå Ohio Kategori:Band of Joy-medlemmar