The Stone Poneys er det første studioalbumet til The Stone Poneys, utgjeve 30. januar 1967. Om ein ser bort frå den tidlegare singelen So Fine», som var produsert av Mike Curb i 1965, var dette albumet den første offisielle innspelinga til Linda Ronstadt. Om det var meininga eller ikkje syner fotografiet på framsida bandet som ein moderne versjon av Peter, Paul and Mary og fleire av songane vart sungen med liknande tredelt harmonisong.

Utgjeving Albumet kom ut på Capitol den 30. januar 1967 i både monolyd og stereo.

I mars 1975 gav Capitol ut albumet på ny under namnet The Stone Poneys Featuring Linda Ronstadt, etter at Linda Ronstadt hadde slått gjennom som soloartist med Heart Like a Wheel. Originalalbumet gjekk ikkje inn på albumlistene, men denne nyutgjevinga nådde 172. plassen på Billboard-lista.

Songane på albumet heller meir mot visesida enn rockesida av av folkrock-stilen. Kenny Edwards omtalte desse innspelingane: «Den første plata var i røynda berre bass, trommer og oss. Med ønskte noko som likna det me gjorde på scenen, med ein rytmeseksjon i tillegg. Eg trur ikkje me vart spelte på radio i det heile tatt.»Online excerpt, Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, 2003: Backbeat Books, . Henta 2009-04-05.

Dei fleste av songane på albumet vart skrivne av bandmedlemmane Bobby Kimmel og Kenny Edwards i lag. Edwards skreiv «Back Home» aleine. Kimmel og Edwards hadde alt skrive songar i lag før Ronstadt flytta til Los Angeles. Sjølv om song mykje harmonivokal gjennom karrieren - mellom anna i lag med Dolly Parton og Emmylou Harris, skilde desse tidlege songane seg frå det Ronstadt kom til å spele seinare i karrieren, sidan dette var i lag med to menn.

Innhald

Medverkande

Bobby Kimmel – vokal, gitar Kenny Edwards – vokal, gitar Linda Ronstadt – vokal, fingercymbal Jimmy Bond – bass, gitar Pete Childs – gitar Cyrus Faryar – bouzouki, gitar John T. Forsha – gitar Billy Mundi – trommer Tom Wood - vokal, rytmegitar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Stone Poneys (album)» frå , den 28. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Stone Poneys-album Kategori:Debutalbum frå 1967 Kategori:Linda Ronstadt-album Kategori:Musikkalbum produserte av Nick Venet Kategori:Capitol Records-album