Signa Iversen () er ein samisk språkkonsulent og barnebokforfattar. Den første boka hennar, Mánugánda ja Heike («Måneguten og Heike»), som kom ut i 2011, vart i 2013 nominert til det første Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris frå det samiske språkområdet.
Signe Iversen er frå Reppen i Nesseby kommune og arbeider som språkkonsulent ved det samiske språksenteret Isak Saba senteret.www.isaksaba.no Boka skreiv ho til dotter si Agnete Kristin Johnsen då dottera gjekk i småskolen. Seinare tok dottera forteljinga med på skulen og fortalde henne i klassa. Læraren tok deretter kontakt med forfattaren og spurde om ho ikkje kunne senda forteljinga til eit forlag, og etter kvart vart det bok av forteljinga.Kan få Nordisk råds litteraturpris. NRK.no, 28. okt. 2013 Boka er illustrert av Sissel Horndal.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Signe Iversen» frå , den 29. november 2020.
Bakgrunnsstoff
Intervju med Signe Iversen hos finnmarkdagblad.no
Kategori:Folk frå Nesseby Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Samiske forfattarar