Hurry Sundown er det tredje studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet Outlaws, gjeve ut i 1977. Tittelsporet vart ein fast konsertsong og favoritt hos fansen. Fire medlemmar av bandet, Hughie Thomasson, Henry Paul, Billy Jones og Harvey Dalton Arnold (som erstatta Frank O'Keefe på bass) bidrog alle til låtskriving og solovokal. Paul slutta i bandet etter dette albumet kom ut. Albumet vart produsert av Bill Szymczyk, som mellom anna tidlegare hadde vore produsent for Eagles og med dette albumet gjekk Outlaws lenger i retning av ein countrystil. Thomasson speler pedalsteelgitar på somme spor og banjo på bluegrass-sporet «So Afraid».
Innhald
Medverkande Harvey Dalton Arnold - bass, gitar, vokal Billy Jones - elektrisk gitar, vokal Henry Paul - gitar, vokal Hughie Thomasson - akustisk, elektrisk og pedalsteelgitar; banjo; vokal Monte Yoho - trommer
Gjestemusikar Manual Labour - perkusjon Joe Vitale - ARP-synthesizer, strykarar
Produksjon Ed Mashal - produsent, lydteknikar Bill Szymczyk - produsent, lydteknikar
Salslister Liste (1977)PlasseringUSA Billboard Top LPs & Tape51
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hurry Sundown (Outlaws album)» frå , den 15. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Outlaws-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Album produserte av Bill Szymczyk Kategori:Arista Records-album Kategori:Plateomslag av James Flournoy Holmes