Anne Dorthe Tanderup () er ein dansk tidlegare handballspelar frå Århus. Perioden 1994-97 vann ho to EM-gull, OL-gull og VM-gull med det danske landslaget.
Tanderup var rykkromspelar. Ho fekk sin landslagsdebut i februar 1991 og deltok i 88 landskampar fram til 1997, skåra 180 mål. Frå VM 1993 til VM 1997 sanka Tanderup meisterskapsmedalje i kvar einaste internasjonal turnering med Danmark sitt landslag. Det tok til med sølv i verdsmeisterskapen i Noreg, heldt fram med gull i EM 1994, bronse i VM 1995, OL-gull i Atlanta 1996, nytt EM-gull i 1996 og VM-gull 1997.
Tanderup var aktiv i Brabrand IF til 1991. Sesongen 1991/92 spelte ho for austerrikske Hypobank Niederösterreich og var med på å vinne meisterligaen. Deretter gjorde ho teneste i Viborg HK, den danske klubben som i 1994 vann EHF-cupen og i fire år i rad, 1994-97, vart danske seriemeistrar. Dessutan vann Viborg og Tanderup den nasjonale cupmeisterskapen 1994, 1995 og 1997.
Ein kneskade gjorde at ho la opp etter VM 1997.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne Dorthe Tanderup» frå , den 20. desember 2020. Denne artikkelen bygger på «Anne Dorthe Tanderup» frå , den 20. desember 2020.
Kategori:Danske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Danmark Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1996 Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-EM 1994 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 1996 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 1997 for kvinner Kategori:Folk frå Aarhus