V.G. Bogoraz-Tan (Vladimir Germanovitsj Bogoraz) () var ein russisk etnograf og lingvist. Som ung levde han frå 1889 til 1899 ikkje langt frå Jakutsk i Sibir, etter ei landsforvising, og studerte språk og levevilkår til folka han budde hos, tsjuktsjiane.
I 1901 flykta Bogoraz-Tan frå Russland til USA, budde i New York, og var kurator ved American Museum of Natural History. Han drog attende til Russland i 1904 Etter oktoberrevolusjonen i 1917 vart Bogoraz-Tan ein sentral person i Leningradskolen innanfor etnologi: Dei kravde at etnologane skulle kunne språket til folka dei studerte, og kjenne livsvilkåra godt. I åra 1924-1936 var han leiar for Komitet Severa.
Bibliografi
Bogoraz, V.G. 1904: The Chukchee (3 band). Leiden : Brill. 3 bind. Bogoraz, V.G. 1913: The Eskimo of Siberia. Leiden: E.J. Brill og New York: G.E. Stechert. Bogoraz, V.G. 1917: Koryak texts. American ethnological society ; 5. Leyden, 1917.
Litteratur
Gernet, Katharina 1999: V. G. Bogoraz (1865-1936): Eine Bibliographie. (104 s.) Mitteilungen des Osteuropa-Instituts München 33. ISBN 3-921396-45-X