No Guts...No Glory er det femte studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet Molly Hatchet, gjeve ut i 1983. Den originale vokalisten Danny Joe Brown kom attende i bandet for denne innspelinga. Bandet hadde fått ny rytmeseksjon som bestod av bassisten Riff West (tidlegare i White Witch) og trommeslagaren Barry Borden (tidlegare i Mother's Finest). Det er det einaste albumet til Molly Hatchet som ikkje har eit episk plateomslag med fantasy-tema. Fotografiet til albumet vart visstnok teken i Six Gun Territory, ein no nedlagd temapark i Silver Springs i Florida.
Albumet inneheld den populære songen «Fall of the Peacemakers», med referansar til John Lennon. Under turneen for å marknadsføre albumet, slutta gitaristen Steve Holland i bandet og vart erstatta av klaverspelaren John Galvin.
«What's It Gonna Take», skriven av Gary O'Connor, vart òg spelt inn av bandet Fast Forward på albumet deira Living in Fiction i 1984.
Mottaking
Mark Mehler i Record oppsummerte albumet som eit «hovudsakleg rutineprega album med hardcore southern rock («Sweet Dixie», «Ain't Even Close») og streit poprock («What Does it Matter?», «Kinda Like Love»). ... Bruken av klaverinstrument gjev ein fin variasjon, men det er særs lite her me ikkje har høyrd mange gonger før, gjort mykje betre.»
AllMusic-skribenten Michael B. Smith roste Molly Hatchet for å ha gått «attende til ein kraftfull stil som var så dominerande på debutplata» og samanlikna det med «dei beste Lynyrd Skynyrd-platene» og til ein «hardrock liknande Mountain eller tidleg Grand Funk Railroad». Han meinte at Barry Borden hadde tilført gruppa ekstra kraft.
Innhald
Medverkande Molly Hatchet Danny Joe Brown - vokal Dave Hlubek - gitar, assisterande produsent Steve Holland - gitar Duane Roland - gitar, assisterande produsent Riff West - bass Barry «B.B.» Borden - trommer
Andre medverkande Dru Lombar - ekstra gitar på spor 8 og 9 Scott Shelly - ekstra gitar på spor 6 Jai Winding - klaverinstrument John Galvin - piano
Produksjon Tom Werman - produsent Gary Ladinsky - lydteknikar, miksing Bill Vermillion, Bill Hutchison - assisterande lydteknikarar George Marino - mastering i Sterling Sound i New York
Salslister ÅrListePlassering1983Billboard 200 (USA)59
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «No Guts...No Glory (Molly Hatchet album)» frå , den 23. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Molly Hatchet-album Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Album produserte av Tom Werman Kategori:Epic Records-album