mini|Reklameplakat frå omkring 1890 mini|Hovudkontoret til firmaet i Hamburg Hamburg-Amerikalinja var eit reiarlag skipa 27. mai 1847 i Hamburg i Tyskland under namnet Hamburg-Amerikanische Packetfahrt-Actien-Gesellschaft (forkorta HAPAG)

Hamburg-Amerikalinjen var på eit tidspunkt både det største reiarlaget i Tyskland og i verda. Reiarlaget nytta hurtige dampskip, seinare òg motorskip, til frakt av stykkgods og emigrantar frå Europa til USA, i byrjing tyske emigrantar, men seinare særleg emigrantar frå Aust-Europa.

Hamburg-Amerikalinjen mista heile flåten sin to gonger, som eit resultat av første- og andre verdskrigen. I 1970 fusjonerte selskapet med Norddeutscher Lloyd frå Bremen og vert i dag drive under namnet Hapag-Lloyd.

Nokre kjende overfartar venstre|mini|Promotering av Hamburg-Amerikalinjen i 1930

I 1858 sokk linjeskipet SS «Austria» og 449 drukna. I 1900, 1901 og 1903 vann linjeskipet SS «Deutschland» Atlanterhavets blå band SS «Kaiser Wilhelm II» vann Atlanterhavets blå band i 1904. I 1906 vart SS «Prinzessin Victoria Luise» øydelagt av brann utanfor kysten av Jamaica, men ingen liv gjekk tapt. I 1912 vart linjeskipet SS «Amerika» det første skipet til å åtvara RMS «Titanic» om isfjell. I 1939 klarte ikkje linjeskipet SS «St. Louis» å finna ei hamn på Cuba, i USA eller i Canada som ville ta imot 950 jødiske flyktningar og måtte gjera vendereis til Europa. I 1940 hamna stykkgodsskipet MS «Seattle» frå HAPAG den 9. aprilen 1940 i krysseld mellom Odderøya fort og tyske krigsskip, oppført av den tyske lette kryssaren «Karlsruhe» , vart skoten i brann og sokk i Korsvikfjorden, men ingen liv gjekk tapt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hamburg-Amerikalinjen» frå , den 26. desember 2020.

Bakgrunnsstoff

Flåten (tysk) The history of the Hamburg-America Line Historic photos of Hoboken and Hamburg America Line ports Passasjerlister frå Hamburg-Amerika Linie

Kategori:Tyske reiarlag Kategori:Føretak skipa i 1845 Kategori:Føretak nedlagde i 1970 Kategori:Tidlegare tyske føretak Kategori:Tyske transportføretak