The Free Spirits var eit USA-amerikansk band som ofte er omtalt som den første jazzrock-gruppa. Bandet nytta òg element av pop og garasjerock i musikken sin.

Historie Bandet vart skipa i New York som ei jazzgruppe. Alle medlemmane utanom Chip Baker hadde bakgrunn i jazz. I følgje trommeslagaren Bob Moses, vende gitaristen Larry Coryell gruppa mot meir rockeprega musikk. Bandet spelte fleire gonger på ein klubb i New York kalla The Scene, men tente lite pengar på dette. Bandet spelte òg med Mitch Ryder og The Rascals.

Innan 1967 hadde Coryell slutta i bandet for å spele med Gary Burton. Moses byrja òg å spele med Burton fordi han «visste det ikkje kom til å bli det same utan Coryell». Pepper, Hills og Baker skipa bandet Everything is Everything i lag med Lee Reinoehl på Hammond C-3-orgel og både John Waller og Jim Zitro på trommer. Vanguard gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet deira, som inkluderte Pepper-songen «Witchi Tai To». Moses spelte seinare i lag med Jack DeJohnette, Steve Swallow, Pat Metheny, Jaco Pastorius og Coryell.

Diskografi Out of Sight and Sound (ABC, 1967) Live at the Scene (Sunbeam, 2011)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Free Spirits» frå , den 29. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jazzrockgrupper Kategori:Rockegrupper frå New York Kategori:USA-amerikanske jazzfusiongrupper