A Long Time Comin' er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Electric Flag, gjeve ut i 1968. Albumet har ei blanding av musikkstilar, som soul, blues og rock, framført med ei blåserekkje.
Det opnar med ein versjon av bluesklassikaren til Howlin' Wolf, «Killing Floor» og inkluderer ein versjon av Sticks McGhee-songen «Drinkin' Wine, Spo-Dee-O-Dee» som her berre vert kalla «Wine». Albumet inneheld òg «Groovin’ Is Easy» og «Over-Lovin’ You», som kom ut på singel i 1967.
Mottaking
Musikkritikarar har generelt rekna albumet som eit ambisiøst debutalbum. Albumet gjorde det ikkje så godt på salslistene, noko som skuffa Bloomfield stort, etter at han hadde arbeidd stort for dette. Skuffinga hans vart verre då Al Kooper-albumet Super Session, der Bloomfield spelte, nådde mykje høgare på listene enn A Long Time Comin' trass i at det berre var blitt spelt inn på to dagar.
Innhald
Medverkande Mike Bloomfield – sologitar, vokal Buddy Miles – trommer, vokal Barry Goldberg – klaverinstrument Harvey Brooks – bass Nick Gravenites – vokal, gitar Herb Rich – orgel, vokal, barytonsaksofon, gitar Michael Fonfara – klaverinstrument Marcus Doubleday – trompet Peter Strazza – tenorsaksofon Stemsy Hunter – altsaksofon
Andre medverkande Richie Havens – perkusjon, sitar Sivuca – gitar, perkusjon Paul Beaver – klaverinstrument, Moog synthesizer Leo Daruczek – strykarar Charles McCracken – strykarar Bobby Notkoff – strykarar Julius Held – strykarar Joe Church – perkusjon John Court – perkusjon, vokal Cass Elliot - vokal på «Groovin' Is Easy»
Teknisk Roy Segal – lydteknikar Jim Marshall – fotografi Joe Church – produsent John Court – produsent
Salslister ÅrListePlassering1968Billboard Top LPs31
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «A Long Time Comin'» frå , den 30. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:The Electric Flag-album Kategori:Columbia Records-album