An American Music Band var det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Electric Flag, gjeve ut i 1968. Det opphavlege medlemmet Mike Bloomfield, som hadde starta bandet, var ikkje med på dette albumet.
Oversyn I 1968 kom albumet ut på Columbia CS 9714.Discogs- The Electric Flag – An American Music Band Albumet bestod hovudsakleg av originale songar. Dei spelte ein coverversjon av «Sunny». Albumet nådde 76. plassen på den amerikanske albumlista.Classic Bands - The Electric FlagTechnicolor Web of Sound - The Electric Flag Innan 15. mars, den niande veka albumet låg på Billboard-lista, hadde det falle frå 88. til 107. plassen.Billboard, 15. mars 1969 - Page 74 TOP LPs
Mike Bloomfield spelte ikkje på albumet sidan han hadde slutta i mai 1968. Herbie Rich hadde ein meir aktiv part på albumet og ein kan høyre orgelsoloane hans på «Hey, Little Girl» og utgåva deira av Bobby Hebb «Sunny» med Buddy Miles på vokal. Rich spelte òg saksofonsolo og song på songen «Qualified», i tillegg til at han spelte saksofonsolo på «My Woman That Hangs Around the House» og tok seg av blåsearrangementet for «Mystery». Buddy Miles var òg meir dominerande og var det einaste medlemmet som var avbilda på framsida av plateomslaget.
Innhald
Medverkande Harvey Brooks — bass, gitar, vokal Terry Clements — tenorsaksofon Marcus Doubleday — trompet Virgil Gonsalves — barytonsaksofon, fløyte Nick Gravenites — vokal, rytmegitar, perkusjon Stemsy Hunter — altsaksofon, vokal Buddy Miles — trommer, vokal, gitar på «Soul Searchin'» Herbie Rich — orgel, tenorsaksofon, vokal John Simon — piano Hoshal Wright — gitar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «An American Music Band» frå , den 30. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:The Electric Flag-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av John Simon