Mark Clarke () er ein engelsk musikar, bassist og songar.

I 1966 spelte Mark Clark med bandet The Kegmen, i 1968 med The Locomotif og seint i 1968 med St. James Infirmary. Ein artikkel i Liverpool Echo kalla han «The Joe Cocker of Liverpool». Etter eit år med lokale konsertar, flytta han til London, der han vart introdusert for Clem Clempson, som på den tida spelte i Colosseum.

Etter ei tid vart Clarke spurt av Jon Hiseman om å bli med i Colosseum sommaren 1970 og han spelte i bandet til det vart oppløyst seint i 1971. Han deltok òg i sameininga av bandet frå 1994. Etter at Colosseum vart oppløyst i 1971 var han ei kort stund medlem av Uriah Heep, og spelte på ein song, «The Wizard», som han òg var med å skriva, på albumet Demons & Wizards i 1972. Frå og med 1973 var han medlem av Jon Hiseman sitt Tempest og spelte bass på dei to Tempest-albuma i lag med Allan Holdsworth, Ollie Halsall og Paul Williams, og eit konsertalbum som kom ut seinare. Han spelte òg bass på soloalbuma til Ken Hensley.

I 1975 skipa han Natural Gas i lag med Joey Molland, Jerry Shirley og Peter Wood. Han spelte òg i Mountain, Ritchie Blackmore's Rainbow, og i 1980 byrja han å spele med Billy Squier og spelte inn Don't Say No, The Stroke, In the Dark og mange andre med han. I 1985 turnerte han med The Monkees, og arbeidde så i mange år med Davy Jones. Clarke har òg spelt med Ian Hunter og Torque.

I 2010 gav Mark Clarke ut det første soloalbumet sitt, Moving to the Moon, som vart produsert av Ray DeTone.

Diskografi Colosseum 1970 – Daughter of Time 1971 – Colosseum Live 1994 – Colosseum LiveS - The Reunion Concerts 1997 – Bread and Circuses 2003 – Tomorrow's Blues 2007 – Live05 2014 – Time On Our Side

Uriah Heep 1972 – Demons & Wizards

Tempest 1973 – Tempest 1974 – Live in London 1974 – Living in Fear

Natural Gas 1976 - Natural Gas

Ken Hensley 1975 – Eager to Please 1980 – Free Spirit

Bill Squier 1981 - Don't Say No 1991 - Creatures of Habit

Ian Hunter 1983 – All of the Good Ones Are Taken

Mountain 1985 – Go for Your Life 1996 – Man's World

Soloalbum 2010 – Moving to the Moon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mark Clarke» frå , den 3. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske heavy metal-bassistar Kategori:Musikarar frå Liverpool Kategori:Colosseum-medlemmar Kategori:Mountain-medlemmar Kategori:Uriah Heep-medlemmar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Tempest (1970-åra)-medlemmar