Ivar Julius Mortensson-Egnund (), døypt Ivar Julius Mortensen, var ein norsk folkeminnesamlar, målmann, politikar, forfattar, journalist, teolog, omsetjar og filosof, og ein av dei mest allsidige kulturpersonlegdomane Noreg har hatt.

Ivar Mortensson-Egnund er mest kjend for omsetjingane/gjendiktingane sine av Draumkvædet (1905) og Den eldre Edda (1908), men han gav også ut to samlingar med eigne dikt. Han var ein god ven av og samarbeidspartnar med Arne Garborg. Begge kjempa utrøytteleg for landsmålssaka, og fungerte som språkpolitiske motpolar til riksmålsmannen Bjørnstjerne Bjørnson. Dei støtta parlamentarismen til Johan Sverdrup og partiet Venstre, men vonbrotet over den politiske utviklinga i 1880–1890-åra gav dei anarkistiske sympatiar. Seinare orienterte Mortensson-Egnund seg meir i ei teosofisk/antroposofisk retning. Trass i skiftande ideologisk syn hadde han ei urokkeleg kristentru heile livet, og verka i åra 1909–1918 som prest i Den norske kyrkja.

Liv Oppvekst Foreldra til Ivar Mortensen var Anne Petronelle Tangen frå Neby og Morten Mortensen frå garden Ogarden, begge på Tynset. Ho var djupt religiøs, men i ei lys og mild form, og vart omtala som eit varmhjerta og godt menneske.Langen 1957, s. 10. Faren hadde arbeidd seg opp frå enkle bondekår og var ordførar i Lille Elvedal.Østigaard 1993, s. 45. Ivar Mortensen var den yngste i ein syskenflokk på fire, og hadde ein lukkeleg oppvekst i eit miljø som var prega av kulturell og økonomisk rikdom. Då han var 11 år, vart faren stortingsmann for partiet Venstre, og miljøskiftet frå Alvdal til Kristiania vart brått, både miljø- og utdanningsmessig. Det faglege grunnlaget frå den enkle grendeskulen var ikkje det beste, men Ivar Mortensson hadde boklege evner, og på Aars og Voss skole i Kristiania tok han raskt igjen det tapte.Terje Christensen: «Ivar Mortensson-Egnund del 1 » på libra.antropos.no.

Folkedikting Som fjortenåring stifta han ein livslang venskap med den to år yngre Moltke Moe, son av biskop Jørgen Moe. Gjennom desse fekk Ivar Mortensson innblikk i nordisk folkedikting. Til dømes vart Kalevala førebilete for Solmøyi (1904) og Gullharpa vår (1931). Allereie i skulealder vart han interessert i den nasjonalromantiske litteraturen med tema frå norsk natur- og folkeliv, men endå meir for sjølve folkediktinga, som vart ei livslang interesse.Langen 1957, s. 15f.

Ivar Mortensson tok latinartium i 1875, og byrja å studere teologi. Innimellom studia levde han nokre år som «frikar» og var på lange vandringar rundt i Sør-Noreg. Iblant gjekk han åleine, iblant saman med broren Per eller kameraten Moltke Moe. Vandringane var dels forskings- og innsamlingturar, og Telemark var favorittområdet: «Det gamle norske målet var hardt og skarpt og ljomande som lurblåster. Men då eg fann telemålet, tykte eg at alle kvasse kantar var slipa og svarva, det lydde lett og leikande som eit kulturmål.»

Folkeminnegranskaren Rikard Berge frå Rauland skildra vandraren og folkeminnesamlaren Ivar Mortensson slik: «Ein kunde vel nærast segja at han livde etter diktingi, han, der han sella frå bygd til bygd, med ein langelur lenger enn han var sjølv, gangande i telebunad og på hardingtæsur, med snedskreppa på rygg, sovande i tre og urd og uthus som det høvde, skrivande upp gamle stev og diktande nye; folk og natur og dikting brådna i eitt bilæte for honom.»

Moltke Moe og Ivar Mortensson gav i 1878 ut samlinga Norske Fornkvæde og Folkevisur, og dei var då høvesvis 19 og 21 år gamle. Boka var enkelt utstyrt, trykt på dårleg papir og billeg i pris, slik at vanlege folk skulle ha råd til henne.Langen 1957, s. 18.

Målstrev mini|Hulda og Arne Garborg sin stad Kolbotn ved Savalen. Allereie i skuleåra hadde Mortensson vorte overtydd om at målreising var avgjerande for den norske frigjeringa. Seinare, då han var i byrjinga av 20-åra, vart han inspirert og styrkt i denne trua gjennom Christopher Bruun sine idear om at morsmålet er det einaste som kan gje eit sant uttrykk for nasjonen sin eigenart og dermed vekkje djupe og ekte kjensler, og Mortensson førte heile livet ein kompromisslaus kamp for landsmålet.Terje Christensen: «Ivar Mortensson-Egnund, Dichter, Volkskundler, Pfarrer. »

På denne tida kom Ivar Mortensson i kontakt med Arne Garborg via Moltke Moe, og Garborg vart oppglødd over denne austlendingen som ivra for landsmålet, og som også snakka reint landsmål. Då Garborg starta målsakavisa Fedraheimen i 1877, vart Mortensson ein god medarbeidar. Fordi Ivar Aasen hadde grunnlagt landsmålet hovudsakleg på vestnorsk, måtte Ivar Mortensson leite seg litt fram etter ein eigen normal med austnorske språkformer og ei meir lydrett rettskriving. Han var så oppglødd over telemålet at ein kan finne fleire trekk frå telemålet enn frå østerdalsmålet i diktinga hans. Etter kvart valde han å følgje den såkalla Midlandsnormalen.Langen 1957, s. 20f.

Mortensson hadde ei hytte ved innsjøen Savalen i Tynset kommune som fekk tilnamnet «Nordpolen» fordi hytta var så kald. Her likte Garborg seg godt, så Mortensson hjelpte han til å skaffe seg ei tomt ved vatnet nokre kilometer sør for «Nordpolen». Då Arne og Hulda Garborg flytta til Kolbotn som nygifte i 1887, slo Mortensson følgje oppover. Venene hadde lite pengar på denne tida, og Garborg gav han tilnamnet Ivar Matlaus. Han gjekk også under namnet «Savalguten», og seint i livet «Egnundgubben».

Anarkist «Kva er fridom anna enn den vesle ridi, når eit band hev losna, fyrr eit nytt kjem att?» – Smeden Valund i skodespelet Valund.Referert i Langen 1957, s. 181f.

Mortensson var kraftfull og intens i heile sitt vesen – til dømes vart han arrestert i 1881, då han under verneplikta på Gråtenmoen ved Skien leidde eit opprør til støtte for Sverdrup, parlamentarismen og målsaka. Grunnen til at Mortensson gjorde militærtenesta i Telemark er også illustrerande for den opprørske naturen hans: Han ville ikkje eksersere saman med «Kutorgsgutane frå Kristiania», men søkte om å verte oppteken i Telemarksbataljonen: «Der var det godt mål å høyre, og der var dei sprækaste gutane.»

Mortensson overtok redaktøransvaret for Fedraheimen i 1883, og under leiing av han endra bladet seg frå å ha ein brei landsmålsprofil («Eit vikeblad aat det norske Folket») til å verte ei avis som skulle målbere striden mot «pengevelde, prestevelde og statsvelde». Mortensson kalla bladet «kommunistisk-anarkistisk organ for Noreg» og tok med mykje stoff frå den internasjonale anarkistrørsla.

I byrjinga var Garborg og Mortensson ivrige Venstre-tilhengjarar, og i 1888 støtta Mortensson ein motvillig Garborg sitt kandidatur som stortingsmann for Hedmarken Amt. Han vart ikkje vald inn, og for ein kort periode var forholdet spent mellom dei, ettersom at Garborg meinte Mortensson med sitt utspel hadde øydelagt for ein kandidat med betre sjansar.

Året etter heldt Mortensson ei 17. mai-tale i Tynset der han argumenterte mot feige eidsvollsmenn og rosa den franske revolusjonen. Han avslutta med å syngje Marseillaisen for sjokkerte bønder. Saman med Garborg melde han seg så ut av partiet Venstre og stifta arbeidarlaget på Tynset og Røros.

Mortensson gav ut anarkistbladet Fridom i 1896–1899, og brevveksla med den kjende russiske anarkisten Pjotr Kropotkin, som hadde idear om frivillig samarbeid som påverka Mortensson sterkt. Kropotkin kalla han «den nordlegaste anarkisten i verda». I det sosiologisk-historiske skriftet Bondeskipnad i Norig i eldre tid (1904) forsøkte Mortensson å vise at jorda opphavleg høyrde samfunnet til,Langen 1957, s. 97ff. og at folk levde i «samnøyte», som han kalla det.

Det siste verket han formulerte anarkistiske samfunnsmodellar i, var forteljinga «Ein fri-kar» (1905).

Mystikar Sjølv om han aldri slo frå seg den anarkistiske ideen og aldri såg noko brot i si eiga utvikling, vart han overtydd om at fridommen fyrst og fremst er noko som vedkjem individet, og som berre kan løysast gjennom ei indre handling av mystisk art der heile personlegdommen tek del i prosessen som leier fram til erkjenninga.

I Dagbladet 25. juli 1927 drøfta Ola Raknes når Mortensson-Egnund vart mystikar. Raknes konkluderte med at han seinast var det då han skreiv Paa ymse gjerdom (1889), men at han allereie lenge «hadde freista leva etter sin eigen djupaste hug, utan å lata seg binda av vedtekter eller logikk, utan å la seg driva eller villa burt av grunne hugskot anten innanfrå eller utanfrå.» Raknes såg ingen motsetnad mellom anarkisten og mystikaren, og meinte at for Mortensson-Egnund var politikk og samfunnsøkonomi berre midlar for å sikre at personlegdommen fekk utvikle seg fritt, og at dette allereie tidleg vart hovudinteressa hans.Referert i Langen 1957, s. 173.

Interessa for spiritisme var stor rundt hundreårsskiftet, og også på Kolbotn prøvde dei å få kontakt med åndene utan dei heilt store resultata. Arne Garborg, som kalla dei «vrøvleaander», skreiv dette referatet etter ein seanse:

«11te Seance. Efter gjentagne fruktesløse Forsøg paa at faa rede paa den ‘russiske Aand’, forlangte Lederen i energiske Udtryk et oprigtig og ligefrem Svar paa følgende Spørgsmaal: – ‘Er I oprigtige og skikkelige og ærlige Aander, som ønsker at meddele os noget?’ – Bordet svarede med et lidt nølende: ‘Nei.’ – Lederen udtalte i stærke Udtryk, at den slags Aander bad vi os for Fremtiden fri for. – Seancen sluttet.»Referert i Langen 1957, s. 176.

Folketalar Frå 1890 reiste Mortensson på føredragsturnear under namnet «Ivar Matlaus». Han hadde førebudd tre føredrag om anarkismen, «Kristendomen», «Fridomen» og «Matløysa», samt eit om Garborg. På 2–3 år heldt han om lag 200 føredrag for til saman 15 000 tilhøyrarar. Han fekk stort sett god kritikk som føredragshaldar, sjølv om han kunne vere noko lågmælt og langdryg. Anarkistføredraga skapte mykje rabalder, særleg «Kristendomen»:Langen 1957, s. 76 Han postulerte mellom anna at Jesus var ein revolusjonær som hadde ynskt å skape eit gudsrike på jorda. Ein emissær på Hamar bad for føredragshaldaren, men Mortensson hadde studert Bibelen på originalspråket og meinte tolkinga heldt vatn.Arne Dag Østigaard: «Ivar Mortensson-Egnund 150 år» hjå Dag og Tid (03.08.2007).

Han reiste på ein ny føredragsturné i 1899. Føremålet var då å kjempe mot riksmålsmannen Bjørnstjerne Bjørnson. Der Bjørnson hadde vore og agitert for riksmålssaka, kom Mortensson etter og gjorde det same for landsmålet. Føredraga vart til boka Ivar Aasen. Ein norsk kulturmann (1902).

«Bonde» mini|Hovudbygningen på Einabu ved riksveg 29 står framleis som han gjorde på Ivar Mortensson-Egnund si tid. Då Rasmus Steinsvik vart medredaktør i Fedraheimen i 1889, busette Mortensson seg på farsgarden Einabu, som familien hadde kjøpt i 1873. Einabu ligg inntil riksveg 29 i grenda Egnund om lag ei mil frå Kolbotn i Tynset kommune.

I På ymse gjerdom (1889) fortalde Mortensson at han ikkje likte byjenter, men i 1894 gifta han seg likevel med bergenskvinna Karen Nilsen. Ho vart ei god støtte for den verdsfjerne og drøymande mannen, for trass i bakgrunnen, hadde ho langt større praktiske evner enn han, både som bonde og i økonomiske saker. Dei fekk tre born saman.

mini|Skrivestova på Egg. Ekteparet var gjestfrie og likte å treffe menneske, og mange kulturpersonlegdommar frå tida rundt hundreårsskiftet kom heile den lange vegen til den avsidesliggjande garden: Arne og Hulda Garborg, Rasmus og Marta Steinsvik, Hans E. Kinck, Moltke Moe, den danske målaren Joakim Skovgaard, Otto og Tilla Valstad, Harriet Backer, Kitty Kielland, David Monrad Johansen, Hans Seland og Thorvald Erichsen.Langen 1957, s. 122.

Mortensson-Egnund fekk laga til diktarstover på eggja overfor garden, fyrst på Gubberud, så i 1923 på Egg. Der arbeidde han seint og tidleg, og ofte overnatta han der også. På Egg er det i dag montert ein lydguide der Maren Ingeborg Hvamstad akkompagnert av Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen fortel om det mangfaldige livet til diktaren. Guiden er tilrettelagd av Nordøsterdalsmuseet.