«Pretzel Logic» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen, gjeven ut på singel av Steely Dan for albumet Pretzel Logic, opphavleg gjeven ut i 1974 av ABC Records.Discogs - Pretzel Logic / Through With Buzz 1974 ABC-12033 US Han nådde 57. plassen på Billboard-lista.[ Steely Dan USA chart history], Billboard.com. Henta 10. januar 2021.
Billboard skildra «Pretzel Logic» som ein «bluesaktig rockehit» og roste vokalen, produksjonen og «det fengande instrumentale refrenget. Rolling Stone-kritikaren Bud Scoppa skildra «Pretzel Logic» som ein av dei meir ordinære songane på albumet og kalla han ein «modifisert blues».
Medverkande Donald Fagen: solo- og korvokal, Wurlitzer elektrisk piano Walter Becker: sologitar Dean Parks: rytmegitar Plas Johnson: saksofon Ollie Mitchell: trompet Lew McCreary: trombone Michael Omartian: akustisk piano Wilton Felder: bassgitar Jim Gordon: trommer Tim Schmit: korvokal
Andre versjonar I 1987 vart songen spelt av Hiram Bullock på albumet sitt Give It What You Got.
Eit konsertopptak av INXS vart spelt inn på konserten Moontan Double J Concert At Manly Vale Hotel, October 1980. Ei innspeling finst på samleplata Stay Young 1979–1982.
New York Rock and Soul Revue spelte han inn i 1991, leia av Donald Fagen.
Songen vart framført av The Warren Haynes Band, frå Allman Brothers Band og Gov't Mule-leiaren Warren Haynes, som han skipa i 2010. I 2012 vart songen gjeven ut på albumet deira Live at The Moody Theater.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pretzel Logic (song)» frå , den 12. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1974 Kategori:ABC Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Donald Fagen Kategori:Songar skrivne av Walter Becker Kategori:Steely Dan-songar Kategori:INXS-songar Kategori:Songar produserte av Gary Katz