Verdscupen i langrenn for menn i 1999-sesongen omfatta 19 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 28. november 1998 og vart avslutta 20. mars 1999. Dei 19 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 10 kilometer, fire over 15 km, ei på 25 km, fire tremiler og to femmiler, samt fire sprintrenn. Fem av stafettane var på 4 x 10 km, den siste stafetten gjekk over 18 km der to utøvarar veksla om å gå.
Renna fann stad i Muonio (2), Lahti og Vantaa i Finland, Milano og Toblach (2) i Italia, Davos (2) og Engelberg i Sveits, Kitzbühel, Garmisch-Partenkirchen i Tyskland, Seefeld in Tirol, Ramsau am Dachstein (4) i Austerrike, Otepää i Estland, Nové Město na Moravě (3) i Tsjekkia, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.
Bjørn Dæhlie frå Noreg vann FIS-pokalen for sjette og siste gong. Han sigra i fem tevlingar og Mika Myllylä frå Finland i fire. Nordmannen Tor Arne Hetland og Mikhail Botvinov, som representerte Austerrike, vann begge to renn kvar. Svenskane Per Elofsson, Mathias Fredriksson og Anders Bergström toppa kvar sitt renn. Det same gjorde norske Espen Bjervig og Thomas Alsgaard, samt Peter Schlickenrider frå Tyskland.
Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Bjørn Dæhlie 885 2 Mikhail Botvinov 685 3 Mika Myllylä 573 4 Mathias Fredriksson 484 5 Per Elofsson 465 6 Anders Bergström 454 7 Espen Bjervig 406 8 Jari Isometsä 370 9 Aleksej Prokurorov 366 10 Erling Jevne 318 11 Alois Stadlober 279 12 Fulvio Valbusa 273 13 Thomas Alsgaard 266 14 Niklas Jonsson 259 15 Ivan Bátory Christian Hoffmann 248 17 Odd-Bjørn Hjelmeset 246 18 Fabio Maj 227 19 Frode Estil Kristen Skjeldal 219 21 Vladimir Vilisov 211 22 Andrus Veerpalu 189 23 Tor Arne Hetland 170 24 Silvio Fauner 169 25 Giorgio Di Centa 132
Kjelder fis.ski
Kategori:Nordiske greiner 1999